Søk om tilskot til sommarferie-aktivitetar for barn og unge - Hovedportal

Søk om tilskot til sommarferie-aktivitetar for barn og unge

Lag og foreiningar kan òg i 2026 søka om økonomisk tilskot til gjennomføring av ferieaktivitetar for barn og unge i Time kommune.

To barn som griller pølser på pinne på eit bål - Klikk for stort bilete

 

Søknadsrunden som nå har starta gjeld for aktivitetar i sommarferien.

Målgruppa er barn og unge frå låginntektsfamiliar i alderen 6-19 år. Aktivitetane skal vera gratis eller ha svært låg kostnad for dei som deltek. 

I utgangspunktet er maksimalt tilskot kr 5000 per dag/25 000 kr per veke.

Tilskotet vert utbetalt etter at aktivitetane er gjennomførte.

Søknadsfrist: 15. mai 2026.

Søk om tilskot