Gravplassar i Time

Informasjon om gravplassane i Time kommune

Time kyrkjelege fellesråd forvaltar gravplassane i Time kommune. Alle innbyggjarar i kommunen har rett på grav på ein av våre gravplassar, uavhengig av medlemskap i trus- eller livssynssamfunn

I kommunen er det to gravplassar, Time gravplass som har fleire forskjellige gravtyper og Undheim gravplass med plass for kistegraver.

Gravtyper

  •  Kistegrav
     Ei kistegrav er frigrav/gratis i 20 år.
     Etter at friperioden er ute, kan grava festast på ny for 5 år om gongen.
  • Kistegrav med ledig grav ved sida
     Denne gravtypen vert brukt om ein ønskjer å festa (halda av) ei ledig grav ved sida av.  Gravminnet vert sett på grava som vert brukt først, men er felles for begge gravene.
     Grava som vert teken i bruk først, er frigrav i 20 år. Den festa grava ved sida vert fakturert for 5 år om gongen. Sjå eiga prisliste
    Grava som er festa, vert ikkje gjort til frigrav ved ny gravlegging.
  • Urnegrav
    Ei urnegrav har plass til 4 urner og er frigrav i 20 år.
     Om det vert sett ned ny urne før dei 20 åra er gått, vert friperioden utvida med 20 nye år.
    Etter at friperioden er ute kan grava festast på ny for 5 år om gongen.
  •  Gravlegging i alternativ himmelretning
     På Time gravplass har me eit eige felt tilrettelagt for religionar som praktiserer gravlegging med alternativ himmelretning. Gravene er plassert i retning mot Mekka.
  •  Namna minnelund for urner
     I namna minnelund vert urnene sett ned på eit større gravfelt med felles minnesmerke.
     Den gravlagde får namnet sitt på eit eige skilt på minnesmerket. Det er ikkje høve til å setja ned eige minnesmerke. Det er plass framføre minnesmerket til å setja ned blomar. (ikkje planta) 
     Namneskiltet i stål er 17 x 11 cm og har plass til namn, fødselsdato, dødsdato og ev. eit minneord på inntil 25 teikn.
    Gravplassforvaltninga ordnar med inngravering etter informasjon frå gravferdsbyrå, ev. pårørande. Skilta vert levert til inngravering ca. 1 gong pr. mnd.
     Ved gravlegging i namna minnelund må ein betale ein eingongsum som gjeld for 20 år. Sjå eiga prisliste.
     Etter 20 år kan grava festast på ny for 5 år om gongen. Minneplata vert ståande så lenge feste vert oppretthalde. Ved gravlegging i minnelunden er det og mogleg å festa ledig grav ved sida av. Det vert då halde av plass til minnesmerke ved sida av den det vert festa i lag med
  •  Unamna minnelund for urner
     Unamna minnelund vert urnene sett ned utan noko minnesmerke. Gravplassforvatninga held oversikt over kven som er gravlagde der. Minnelunden har ein minnestein med teksten «Til minne». Det er plass til å setja ned blomar rundt minnesteinen.
  • Feste av grav
    Feste av grav vert oppretta på to måtar.
     Ein held av ei ledig grav ved sida av ein som vert gravlagd
     Når fredingstida på 20 år er over, inngår ein avtale om å oppretthalda grava vidare mot å festa den for 5 år om gongen.
     Feste vert fakturert på forskot. Sjå eiga prisliste
     Festar er ansvarleg for grava, at gravminnet er forsvarleg sikra og at det ikkje er planta/pynta ut over plantefeltet.
     Festar har råderett over grava og må gje løyve om grava skal brukast på ny eller slettast.
    Om feste ikkje vert betalt, vert festet avslutta og gravminnet fjerna.
  • Gravminne og plantefelt
     Gravminnet skal vera innafor fastsette mål og godkjennast av Time kyrkjelege fellesråd før montering. (sjå vedtekter for gravplassane)
  •  Foran gravminnet kan ein ha plantefelt/bedplate. Plantefeltet/ bedplata skal vera i same breidde som gravminnet og ikkje lengre enn 60 cm målt frå bakre kant av gravminnet. 
  • Det er ikkje tillate å planta eller setja pynt utanfor plantefeltet. 
  • Frittståande plastlys skal plasserast i lukka lykter slik at ikkje fuglane kan få tak i dei.
  • Avtale om stell 
    Gravplassforvaltninga kan påta seg stell av grava mot betaling. Ta kontakt med kyrkjekontoret for oppretting av stellavtale.
  • Vedtekter for gravplassar
  • Kontaktinfo:Time kyrkjelege fellesråd: Telefon 51 77 03 77
    E-post: kyrkjekontoret@timekyrkja.no
    Meir info om gravplassforvaltninga.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00