Les dette før du fyller ut skjema
Retningslinjer for avvikling av foreldrepermisjon
Opplysningar om den tilsette
Ver venleg å fylla
ut alle felta – me treng både mobiltlf. og e-post heime for å nå deg viss det er
noko som må avklarast ut frå meldinga
di.
Tidspunkt og
dekningsgrad
Når
stønadsperioden startar må du velja om du vil ha foreldrepengar utbetalt med
100 % eller 80 % av full dagsats med tilsvarande forlenging av
stønadsperioden. Dekningsgraden gjeld for heile stønadsperioden og kan ikkje endrast.
Valet gjeld for begge foreldra
viss begge mottek
foreldrepengar.
Ved 100 % dekning
vert foreldra si samla stønadsperiode 49 veker
Ved 80 % dekning
vert foreldra si samla stønadsperiode 59 veker.
NB! Gjeld 80% dekningsgrad:
Frå 01.07.24 vert fellesperioden utvida med 11 dagar.
Ved adopsjon: 46 veker med 100 % stønad eller 56 veker med 80
% av full stønad.
Ved
fleirbarnsfødslar eller adopsjon av fleire barn samtidig, vert
stønadsperioden utvida med 17 veker per barn (100
% dekningsgrad) eller 21 veker per barn (80 % dekningsgrad).
Me gjer merksam på at foreldrepermisjon ikkje vert stoppa i arbeidsfrie perioder. Foreldrepermisjon med løn må avviklast før permisjon utan løn.
I tillegg til
varsel til arbeidsgjevar, må du sendeasøknad til NAV. Skjema og rettleiing finn du på http://familie.nav.no.
Fordeling av foreldrepermisjon
ved 100% dekning
Foreldrepermisjonen
er delt i 3. Mødrekvote 3+15 veker (inkl dei 6 vekene umiddelbart etter
fødsel), fedrekvote 15 veker og fellesperiode 16 veker.
Med unntak av
vekene som direkte er sette av til mor og far, kan dei resterande vekene
fordelast mellom foreldra etter avtale
med dei respektive arbeidsgjevarane.
Fedrekvote: 15 veker ved 100 % dekning, 19 veker ved 80 % dekning.
Fedrekvoten kan
avviklas gradert. Viss far ønsker å utsetta fedrekvoten, må han søka om dette
før den siste dagen i perioden som er
til felles fordeling mellom foreldra. Fedrekvoten kan berre
overførast til mor viss far på grunn av sjukdom ikkje kan ha omsorg for barnet. Vedtak frå NAV må leggast ved søknaden.
For meir informasjon
gå til http://familie.nav.no.
Her finn du mellom
anna søknadsskjema og utfyllande informasjon om fleksible løysingar
rundt uttak av foreldrepengar.
For å ta ut gradert foreldrepermisjon må du senda
søknad til NAV. Skjema og rettleiing finn du på https://familie.nav.no/hva-soker-du
Både gradert
uttak og utsetting/fleksibelt uttak skal avtalast med arbeidsgjever på
førehand. Det er viktig at personalkontoret får melding om avtalen.
Avvikling av ferie
For å avgjera når
permisjonen er ferdig, må avvikling av ferie og fedrekvoten og tas med. Me anbefaler å ta ut ferie i ferieåret. Foreldrepermisjonen
vert utsett når den som mottek stønaden
tek lovbestemt ferie.
Har du spørsmål om foreldrepermisjon
– ta kontakt med personalavdelinga.