Informasjon
Det er rettleiande skulekrinsar for 1.- 7. trinn og faste skulekrinsar på 8.- 10. trinn i Time kommune. Dette medfører at ein kan søka om anna skule enn nærskulen med følgande kriterer for dei ulike trinna. Skulesjefen gjer vedtak om skuleplass utanfor skulekrinsen etter søknad. Søknadsfrist er 01.12. før komande skuleår.
1.- 7. trinn:
Ein slik søknad blir berre innvilga dersom eleven ikkje fortrenger andre elevar som har denne skulen som nærskule, eller vil føra til at skulen må oppretta fleire klassar på trinnet.
Dersom eleven, etter søknad, får gå på skule i ein annan skulekrins enn den eleven er folkeregistrert i, fell retten til gratis skuleskyss bort. Retten til gratis skuleskyss fell ikkje bort dersom skulebytet er eit nødvendig tiltak for å hindra eller stoppa mobbing.
8.- 10. trinn:
For at ein slik søknad skal bli innvilga, skal det føreligga særlege omsyn. Barn og unge har ein rett til å bli høyrt i saker som gjeld dei. I vedtaket skal det bli lagt stor vekt på kva som er det beste for barnet. Kommunen skal vekta barnet sitt beste opp mot kva som tener heilskapen best. Det vil seia at kommunen må ut frå faglege omsyn, føresette og elevane sitt syn gjera vedtak om eleven kan få plass på ny skule eller ikkje. Desse kriteria ligg til grunn for skulebyte for 8.- 10. trinn:
A: Eleven har søsken ved ein skule utanfor skulekrinsen.
B: Eleven har særskilte behov av sosial karakter.
C: Eleven har farleg skuleveg, og vil få tryggare skuleveg ved skuleplass utanfor skulekrinsen.
D: Eleven har flytta ut av krinsen og ønsker å halda fram skulegangen ved tidlegare skule for å oppretthalda sosiale relasjonar. Dette gjeld spesielt for elevar på 10. trinn.
Ein slik søknad blir berre innvilga dersom eleven ikkje fortrenger andre elevar som har denne skulen som nærskule, eller vil føra til at skulen må oppretta fleire klassar på trinnet.
Dersom eleven, etter søknad, får gå på skule i ein annan skulekrins enn den eleven er folkeregistrert i, fell retten til gratis skuleskyss bort. Retten til gratis skuleskyss fell ikkje bort dersom skulebytet er eit nødvendig tiltak for å hindra eller stoppa mobbing.
Rutine:
- Fyll ut skjema for søknad om opptak.
- Søknaden vil bli behandla etter 1. desember
- Søknad om opptak ved anna skule blir behandla individuelt av kommunen, og resulterer i eit enkeltvedtak. Ein kan klaga på vedtaket, jf. forvaltningslova § 28.
- Søknaden blir behandla under føresetnad at begge føresette er informert og samtykker til søknaden. Vedtaket vil bli sendt til begge føresette, med mindre det er juridiske årsaker.
- Vedtaket gjeld for den tida eleven er elev i barneskulen/ ungdomsskulen. Vedtaket kan kun opphevast ved nytt vedtak, og vurdering etter gjeldande rutinar og lovverk.