Oppseiingstid for dei kommunale barnehagane er to månadar, rekna frå den 1. i kvar månad.
Ved oppseiing etter 1.mars må det betalast ut barnehageåret, til 15.august. Det vil sei at barn som ønskjer å slutta etter 30.april må betala for mai, juni og halve august, sjølv om plassen ikkje vert nytta.
Barn som skal starta på skulen/SFO treng ikkje sei opp plassen, dette skjer automatisk. Plassen vert avslutta 1.august det året ein skal starta i skulen. Dersom ein ønsker å behalda barnehageplassen fram til 15.august, må ein søka styrar i den einskilde barnehage om det innan 1.mai.
Ver merksam på at private barnehagar kan ha andre reglar for oppseiing.
Sei opp barnehageplass