Ettervern

Ettervern er eit tilbod for unge vaksne mellom 18 og 25 år som tidligare har hatt tiltak i barneverntenesta fram til fylte 18 år. Tilbodet er frivillig.

Om tilbodet

Du vert saman med kontaktpersonen din i barneverntenesta einig om kva etterverntilbodet skal innebera for deg. Kor omfattande tilbodet er, varierer etter behov og ønske.

Eksempel på etterverntiltak:

  • Rådgjeving og rettleiing
  • Oppfølging i bustad
  • Hjelp til å følga opp studium, arbeid og praksis
  • Hjelp til koordinering av samarbeidspartar
  • Forlenging av eksisterande tiltak; for eksempel at du kan fortsetta å bu i fosterheimen din.

Dersom du ønsker tilbod om ettervern

Snakk med kontaktpersonen din i barneverntenesta dersom du ønsker ettervern. Dersom du ikkje har kontaktperson eller ikkje veit kven kontaktpersonen din er, ta kontakt med barneverntenesta på tlf. 51 77 60 00 (Innbyggarservice) eller på e-post: barnevern@time.kommune.no.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00