Kriminalførebyggande arbeid (SLT)
Kommunane i Norge har saman med politiet eit ansvar for å førebygga kriminalitet. Det er derfor etablert ein nasjonal modell for samordning av det lokale kriminalforebyggende arbeidet (SLT). Dette arbeidet vert leia av ein lokal SLT-koordinator.
Kontakt SLT-koordinatoren dersom du
- treng råd om kven du skal venda deg til når det gjeld førebygging av kriminalitet blant unge i Time kommune
- dersom du er bekymra for at eit barn/ungdom har, eller står i fare for å utvikla, kriminell adferd
- dersom du er bekymra for radikalisering eller valdeleg ekstremisme
Kommunen sin SLT- koordinator sitt ansvar
SLT-koordinatoren vår har ansvar for kontakt og samarbeid med politiet og skal bidra til at interne og eksterne instansar samarbeider om å gje god hjelp og støtte til unge som begår, eller står i fare for å begå straffbare handlingar. Det er også etablert SLT styringsgruppe og politiråd der kommunen og politiet samarbeider om det kriminalitetsførebyggande arbeidet.
Sist endra 25.10.2023 12.32