PPT i skule

PPT undersøkjer om elevar kan ha behov for ekstra hjelp i skulen gjennom observasjon, kartlegging og testar. Dersom du som føresett er bekymra tek du kontakt med skulen, som først gjer sine undersøkingar og set i gang utprøving av tiltak.

Dersom eleven framleis har vanskar, kan skulen i lag med føresette sende ei tilvising til PPT. PPT vil då kartleggje kva behov eleven har, og rettleie skulen i korleis dei bør arbeida vidare. Viss PPT vurderer det slik  at eleven har behov for individuelt tilrettelagd opplæring, vil me utarbeida ei sakkunnig vurdering, jamfør Opplæringslova.

Har eleven rett på individuelt tilrettelagd opplæring skal rektor fatta eit vedtak som stadfester dette.

Tilvisningsskjema

Pedagogisk rapport (PDF, 19 kB)

Aktuelle paragrafer i opplæringslova:

§ 11-6 Individuelt tilrettelagd opplæring | udir.no

§ 11-7 Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering | udir.no

 

Besøksadressen vår er :
 

Morenefaret 1
4340 Bryne

Kontaktinfo

Silje Helland Sotnakk
Verksemdleiar PPT
E-post
Mobil 90 17 64 93
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00

Adresse