Rett til skuleskyss

Ein kan ha rett på skuleskyss dersom ein har farleg skuleveg, funksjonshemming eller delt bustad. 

Rutinar ved farleg skuleveg

For å har rett til skuleskyss må avstanden mellom heim og skule vera over 2 km for barn i 1. klasse, og over 4 km for barn i 2. til og med 10. klasse. Bur du nærare skulen enn desse avstandane, kan du likevel ha rett til skuleskyss dersom du har ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Time kommune har gjort ei vurdering av vegane inn til Hognestad skule, Lye skule og Undheim skule og laga kart som viser kva vegar som er trygge å ferdast på for mjuke trafikantar. På kartet er dei trygge vegane farga grøne, dei som ikkje er trygge er raude. Dei som må bruka dei raude vegane for å koma til skulen, kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje har krav på skyss som følge av veglengda.  

Søknad om skuleskyss sender ein til den skulen barnet går på. Det er rektor ved skulen som behandlar søknaden.

Hognestad skule (PDF, 3 MB)
Lye skule (PDF, 3 MB)
Undheim skule (PDF, 2 MB)

Sirkelen i karta avgjer ikkje om du har krav på skyss eller ikkje. Den er tatt med i kartet som eit hjelpemiddel for å tolka avstandar.

Rutinar ved varig eller midlertidig funksjonshemming

Ta kontakt med skulen, som vil søka Kolumbus om skyss på vegne av eleven. Ved søknad om varig eller midlertidig skuleskyss, skal legeerklæring/ sakkunnig vurdering leverast med søknaden. Legeattest ved søknad om særskilt skuleskyss.

Rutinar ved delt bustad

Fyll inn søknadsskjema og lever dette til skulen. Skulen sender søknaden til Kolumbus. Informasjon frå Kolumbus og søknadsskjema.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00