Korleis kan de sjekke/hindre uønska innhald?
Når det gjeld dei uheldige sidene av «ny» teknologi, og det opne internettet, så er me både forplikta til, og ønsker sjølv, å rusta elevane til å handsama dette. Me veit at mange veldig unge i dag får slike røynsler, uavhengig av tilgjengeleg teknologi på skulen, enten heime eller hjå vener eller på andre måtar.
God tilgang på digitale einingar i skulen gjev i så måte både moglegheiter og utfordringar.
Det finns potensielt tilgjengeleg ulike former for filtrering som i større eller mindre grad kan skjerma uønska innhald. Felles for dei metodane som i praksis er tilgjengelege, er at dei dels ikkje fungerer etter føremålet, dels at dei legg avgrensingar på ønska pedagogisk aktivitet, samtidig som at ein ved innføring av slike filter risikerer å (medvite eller umedvite) la filtera verta ei "sovepute" og gje "falsk tryggleik".
Når dette er sagt; me har nå likevel valt å prøva ei form for enkel filtrering, ved at me har aktivert produsenten av læringsbretta sin eigen avgrensing på "vakse innhald" i nettlesaren, for å få førstehands innsikt i fordeler og ulemper med slik filtrering.