Aktivitet og dagsentertilbod

Dagsenter for eldre - Vibå dagsenter - Inn på tunet - Treffpunktet  - Bryne aktivitetssenter

Søknadsskjema til dagsenter og aktivitetstilbod

 

Dagsenter for eldre

Dagsenter for eldre er på Kvernaland omsorgssenter. Det har ope kvar dag frå måndag til fredag. Det er eit tilbod til eldre som bur heime som har behov for tilrettelagd aktivitetstilbod, og har behov for å treffa andre.

Time kommune ønsker at flest mulig skal bu heime lengst mulig. Eit dagtilbod kan bidra til å kunna bu heime lenger og gje pårørande avlastning.

På dagsenteret får du eit sosialt fellesskap, aktivitet og måltider. Du må søkja om å få plass. Det er tilbod om transport for dei som treng dette. Det er eigenbetaling for transport. 

Vilkår:

1.Tenestemottakarar som har behov for tilrettelagde aktivitetar av førebyggande, vedlikehaldande eller rehbiliterande karakter som:

  • førebygge einsemd
  • vedlikehalde fysiske, psykiske eller sosiale evner
  • sikre tilfredsstillande ernæring
  • førebygge behov for meir omfattande heime- eller institusjonstenester

 

2. Avlastning for pårørande

3. Søkar må vere busett i Time kommune


► Adresse: Gamle Åslandsvegen 27, 4355 Kvernaland

Vibå dagsenter

Vibå dagsenter ligg på Sivdamheimen og Bryneheimen, og er eit aktivitetstilbod til personar som har diagnosen demens. På dagsenteret får du eit sosialt fellesskap, aktivitet og måltider. Vibå er ope kvar dag frå måndag til fredag, med langdag onsdag. Det er open anna kvar laurdag. 

Du må søkja om å få plass. Transport er ikkje inkludert i tenesta.

► Adresse: Røyrvika 2, 4344 Bryne

Inn på tunet på Torvholen Gard på Salte

Inn på tunet er eit dagtilbod på gard til heimebuande personar med demens/kognitive utfordringar

Me tilbyr:

  • Sosialt samvær med lunsj
  • Ulike aktivitetar som turar i nærmiljøet, kontakt med dyr, lett gardsarbeid, lett snikring, song/musikk, avislesing, kviss, matlaging og andre ulike hobbyaktivitetar
  • Deltakarane blir henta og køyrde heim

 

Dette er eit tilbod til deg som:

  • har ein demensiagnose eller har ein kognitiv svikt
  • er under utgreiing for demenssjukdom
  • har nedsett minne
  • er relativt fysisk sprek slik at du kan delta på dei ulike aktivitetane
  • kan nytta deg av fellestransport og må kinna komma deg inn og ut av buss
  • kan gå korte avstandar utan hjelpemiddel
  • er busett i Time kommune

 

Tilbodet følgjer eigenandelsatsane i Time kommune

Her finn du Film om Inn på Tunet

 

Treffpunktet

Treffpunktet er eit lågterskeltilbod til personar med nedsett hkuommelse, og er eit tiltak for å motverka einsemd og passivitet.

Her kan du koma og delta i ulike aktivitetar som kurs, trening og musikk saman med andre personar.

Treffpunktet held til i Frivilligsentralen sine lokaler i Røyrvika 10, kvar måndag frå kl. 10.00 - 12.00.

Kontaktpersonar er: 
Bente Dagmar Lura, demenskoordinator tlf: 904 07 110
Anita Morales Stokdal, frivillighetskoordinator tlf: 51 77 61 68

Bryne aktivtetssenter

Dagsenteret er eit dagtilbod for menneske med psykisk utviklingshemming. Tilbodet er variert, med hovudvekt på tilrettelagde arbeidsoppgåver eller andre former for tilrettelagd aktivitet, alt etter behov og grad av funksjonshemming. Ulike treningsopplegg inngår i dagsentertiltaket ut frå individuelle behov.

Aktivtetsenteret er ope kvar dag frå måndag til fredag.

Det er eigenbetaling for denne tenesta som skal dekka sosiale utgifter til aktivitetar, kaffe, te og frukt. Transport er ikkje inkludert i tenesta

Kontakt oss
Telefonnummer Bryne aktivitetssenter
Avdeling Kontakt telefon Avdelingsleiar
Bryne aktivitetssenter 941 44 174 902 11 349