Kommunal bustad

Her finn du søknadskjema

Om du er utan eigna bustad og ikkje er i stand til å skaffa bustad sjølv, kan du søka om å leiga kommunal bustad.

Det må vera økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje klarer å skaffa deg ein stad å bu.

I tillegg må du:

  • ha folkeregistrert adresse i Time kommune og opphaldt deg i kommunen i minimum 6 månader
  • ha låg inntekt over lang tid
  • ha prøvd å skaffa deg bustad sjølv

 

Slik søker du

Fyll ut søknaden du finn her. Om du treng hjelp til å fylla ut søknaden, kan du ta kontakt med oss.

Hugs å legga med følgande når du søker:

→ utskrift av likning det siste året

→ lønnslipp (løn/trygd)

→ leigekontrakt, eventuell oppseiing

→ bekrefting barnebidrag

Prioriterte personar
  • foreldre/einslege med barn buande fast 50 % eller meir i hushaldet
  • personar som strevar med rus, har psykiske helseutfordringar, eller store sosiale vanskar
  • personar med fysisk eller psykisk funksjonnedsetting
  • personar som over lengre tid har strevd med å komma inn på bustadmarknaden
  • personar som er omfatta i særskilde avtalar mellom kommune og andre instansar
Betaling

Du må betala husleige etter gjeldande satsar som kommunestyret fastset. I tillegg kjem straum, renovasjon og andre utgifter som normalt fell inn under ei husholdning. 

Kontaktinfo

Gunnar Høiland
Førstekonsulent
E-post
Telefon 51 77 62 80
Mobil 95 30 73 69
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00