Frisklivssentralen

Frisklivssentralen gir primært støtte til fysisk aktivitet, kosthald, tobakkrettleiing. Det gis og rettleiing innan søvn, til livs- og stressmestring, samt det å leva med langvarige helseutfordringar. Dette er eit tilbod for deg mellom 18 og 70 år.

Tilvisningsskjema for frisklivsentralen

Dersom me ikkje kontaktar deg i løpet av ei veke, kan du ta kontakt på tlf. 411 06 242 eller 477 58 281.

Frisklivssentralen si nettside
Kva tilbod har Friskliv?
  • Individuelle helsesamtalar
  • Treningsgrupper:
    • Friskliv Jæren timeplan
    • Frisk og sterk grupper for deg over 60 år. Tirsdager kl.12.15 - 13.15 og torsdager kl. 08.30 - 09.30 i Timehallen
      (Det er ein eigenandel på kroner 450 pr. halvår)
Kva type kurs har Frisklivssentralen?
  • Bra mat for betre helse
  • Tankeviruskurs
  • Kvardagsgledekurs
  • Søvnkurs
  • Friskliv ung
Kven kan tilvisa?

Du kan sjølv ta kontakt med frisklivssentralen, eller verta tilvist av fastlege eller anna helsepersonell. Kostrettleiing er ikkje knytta til spesifikke probemstillingar eller diagnosar.

Tilbod Friskliv Jæren


Frisklivssentralen i Time samarbeider tett med frisklivssentralane i Gjesdal, Klepp og Hå. Den individuelle oppfølginga får du i heimkommunen din. Du kan nytta gruppetilboda i alle dei fire nemnde kommunane. For meir informasjon om tilbudet på Friskliv Jæren:

Frisklivsentralen si felles nettside.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale med oss eller skriv e-post til friskliv@time.kommune.no

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00