Kvardagsrehabilitering er ei førebyggjande teneste for
- deg som bur heime og har opplevd endring i funksjonsnivå
- deg som treng tilrettelegging for å klara daglege aktiviteter
- deg som treng tryggleik når du skal trena deg opp etter sjukdom
Tenesta er ein del av kommunen sitt rehabiliteringstilbod og gjes av eit tverrfagleg team beståande av sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut.
Tenesta tek utgangspunkt i det du synes er viktige aktivitetar i kvardagen din. Mål og plan for perioda vert utforma i samarbeid med deg, for at du skal bli trygg og sjølvhjelpt i daglege gjeremål og aktivitetar.
Trening og oppfølging skjer heime eller i ditt nærområde og gjes i ei tidsavgrensa periode.
Søknad om kvardagsrehabilitering sendes til Tenestekontoret. Du kan søke sjølve eller fastlege, pårørande eller andre tenesteinstansar kan søke på vegne av deg.