Legevakt

Interkommunal legevakt for Time, Klepp og Hå

  Kva gjer du viss du treng legetilsyn?

  Kvardagar kl. 08-15: Ring fastlegen din

  Helg kl. 08-23 og kvardagar kl. 15-23: Ring legevakt på 116117

  Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116117

  Du vil få beskjed om kor du skal møta opp.

Viktige telefonnummer

Livstruande sjukdom eller skade, ring 113

Legevakt, ring: 116117 (same telefonnummer heile døgnet)

Kor er legevakta?

Kvardager, helg og heilagdager frå 07.45 - 22.30: Klepp og Time legevakt

Adresse:
Kleppetunet
Olav Hålandsveg 2
4351 Kleppe

På dagtid måndag til fredag skal du kontakte fastlegen din før du kontaktar legevakta.

 

Natt, alle dagar frå kl. 22.30 - 07.45: Hå legevakt

Hå legevakt har legevakt for Klepp og Time på natt.

Adresse:
Rimestad 16
4365 Nærbø

 

Ring før du kjem

Ring legevakta før du kjem på 116117. Telefonen er sjukepleiarbemanna.

 

Pris

Eigenandel for konsultasjonar på legevakta, uansett når på døgnet, er statleg regulert.

Les meir om legevaktsordninga i Norge

Koronatesting

Det er ikkje lenger nødvendig å testa seg for covid-19 om ein har luftvegssymptom.

Dersom ein likevel ønsker å testa seg, kan ein få utlevert gratis hurtigtest på rådhuset i Time kvardagar mellom 09.00 og 14.00 i opningstida.

Ved ønske om PCR-test og registrering i koronasertifikat må ein oppsøka private tilbydarar. Legetenesta i kommunane vil testa pasientar med behov for helsehjelp, men har diverre ikkje høve til å tilby test til andre.

Ordninga med felles luftvegslegevakt vart avvikla 01.12.21. Kontakt din fastlege viss du treng legetilsyn grunna luftvegsplagar.