Kommunepsykolog

Kva gjer kommunepsykologen?

Kommunepsykologen sine hovudoppgåver kan grovt sett delast inn i tre: helsefremmande og førebyggande arbeid, rettleiing og systemarbeid. 

Helsefremmande og førebyggande arbeid

Kommunepsykologen er ein del av kommunen sitt folkehelsearbeid. Dette arbeidet er retta mot både enkeltindivid, grupper og lokalmiljø. I det førebyggande arbeidet samarbeider kommunepsykologen tett med andre faggrupper i kommunen

Rettleiing

Kommunepsykologen tilbyr rettleiing og fagstøtte til tilsette og faggrupper i kommunen.

Rettleiinga kan foregå éin-til-éin eller i grupper, og det kan vere spontant eller planlagt.

Systemarbeid

Kommunepsykologen er også ein del av kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Dette kan mellom anna handle om utviklinga av konkrete handlingsplanar eller generelle bidrag for å integrere psykisk helse i folkehelsearbeidet i kommunen.

Samarbeid med fastlegane

Kommunepsykologen samarbeider tett med fastlegane, og som med alle spørsmål om helse, også psykisk helse, er det første du gjer å ta kontakt med  fastlegen din.

Faslegen har anledning til å kalla inn kommunepsykologen for ein samtale, eller visa til psykologen for ein kortare oppfølging på inntil tre avtalar.

Nokre opplever at 2-3 samtalar med psykolog kan vera nok for å få overblikk over eigen situasjon. Psykologen kan gje tilbakemelding til fastlegen når de saman har funne ein mogleg veg vidare.

 

Konsultasjonsteamet

Er du bekymret for om en innbygger er utsatt for vold, omsorgssvikt eller overgrep?

Hos konsultajonstreamet møter du/dere erfarne fagfolk som kan hjelpe med å sortere tankene, og man får hjelp i beslutningsprosessene når man skal håndtere bekymringene faglig.

Både ansatte og innbyggere kan ta kontakt.

Konsultasjonsteamet møtes 12-14 første tirsdag i hver måned.

Ta kontakt med kommunepsykolog veronika.helen.jakobsen@time.kommune.no for å melde inn.

 

Pris

Tenesta er gratis

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00