Korleis søkja om Helse- og velferdstenester

Det er eit felles søknadsskjema for Helse- og velferdstenester.

Du kan søkje elektronisk ved å klikke på følgande lenke:

Søk helse- og omsorgstenester

 

Slik vert tenestene tildelte

Du sendar inn søknadsskjema til kommunen via kommunen si nettside. 

Søknader blir fortløpande behandla. Kommunen skal behandla saka så snart som mogleg. Viss ho ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen og samtidig få vita når du kan venta svar.

For å forsikra oss om at du får det tilbodet som passar best for deg, kjem me vanlegvis på heimebesøk eller har ein samtale på kontoret. Avtale om heimebesøk/samtale gjer me med deg eller den du har gitt fullmakt til.

Du kan få innvilga ein eller fleire helse- og omsorgstenester. Når du søkjer helse- og omsorgstenester er det Tenste- og samordningskontoret som behandlar søknaden.

Tenestene vert tildelt på lågast mogleg nivå slik tenestetrappa (PDF, 72 kB) viser.

 

Meir informasjon
  • Samhandling skal sikra gode og likeverdige helsetenester til alle som treng det. For meir informasjon på nettsida til Helse Stavanger (Stavanger Universitetssjukehus)
  • På nettsida hva.kanhjelpe.no kan du finne råd, tips og erfaringar for å hjelpe deg med å finne løysningar som passar for deg
Kontakt oss
Telefonnummer Teneste- og samordningskontoret
Avdeling Telefon Verksemdsleiar
Teneste- og samordnigskontor 476 08 160 997 12 452

 

Kontaktinfo

Teneste- og samordningskontoret
E-post
Mobil 47 60 81 60
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00