Dagsenter

I Time kommune har me to dagsentertilbod for heimebuande, eitt på Kvernaland omsorgssenter og eitt på Sivdamheimen og Bryneheimen.

Vibå dagsenter

Vibå dagsenter ligg på Sivdamheimen og Bryneheimen, og er eit aktivitetstilbod til personar som har diagnosen demens. På dagsenteret får du eit sosialt fellesskap, aktivitet og måltider. Vibå ope kvar dag frå måndag til fredag, med langdag onsdag. Det er open anna kvar laurdag. Du må søkja om å få plass. Transport er ikkje inkludert i tenesta.

► Adresse: Røyrvika 2, 4344 Bryne

Dagsenter for eldre

Dagsenter for eldre er på Kvernaland omsorgssenter. Det har ope kvar dag frå måndag til fredag, og er eit tilbod til eldre som bur heime og som treng å kome seg ut å treffa andre.

På dagsenteret får du eit sosialt fellesskap, aktivitet og måltider. Du må søkja om å få plass. Det er tilbod om transport for dei som treng dette. Det er eigenbetaling for transport. 

► Adresse: Gamle Åslandsvegen 27, 4355 Kvernaland

 

Det er eigenbetaling for dette tilbodet.

Prisar institusjon, dag- og aktivitetsenter med og utan transport, middag/dessert heimebuande, middag/kaffemat bukollektiv og utkjøyring hjelpemiddel
Helse- og velferd
Tenster pris
Korttidsopphald i institusjon 193 kr per døgn
Dag eller nattopphald i institusjon 110 kr per dag/natt
Leie av tryggleiksalarm/GPS 379 kr per månad
Aktivitetssenter 100% 660 kr per månad
Aktivitetssenter 40% 264 kr per måned
Aktivitetssenter 20% 131 kr per måned
Dagsenter 162 kr per dag
- med transport + 65 kr per dag
Middag/dessert levert til heimebuande 200 kr per måltid
Suppe/varmrett laurdag kveld levert til bukollektiv 89 kr per måltid
Varm middag og kaffimat levert til bukollektiv 134 kr per dag
Utkjøyring av hjelpemiddel frå hjelpemiddellageret 216 kr per tur
Anna transport i kommunale bilar nyttar statens satsar for kilometertakst

 

Kontakt oss
Telefonnummer dagsenter
Avdeling Vakttelefon Avdelingsleiar
Dagsenter for eldre 415 27 245 51 77 83 07 / 988 64 805
Vibå dagsenter Sivdamheimen 958 79 513 51 77 62 89 / 932 68 156
Vibå dagsenter Bryneheimen 480 58 444 51 77 89 / 932 68 156

 

 

 

Søknadsskjema 

 

 

Kontaktinfo

Teneste- og samordningskontoret
E-post
Mobil 47 60 81 60
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00

Adresse

Gamle Åslandsvegen 27, 4355 Kvernaland

Kart