Vibå dagsenter
Vibå dagsenter ligg på Sivdamheimen, og er eit aktivitetstilbod til personar som har diagnosen demens. På dagsenteret får du eit sosialt fellesskap, aktivitet og måltider. Vibå ope kvar dag frå måndag til fredag, med langdag onsdag. Det er open anna kvar laurdag.
Du må søkja om å få plass. Transport er inkludert i tenesta.
Kontaktperson:
Monica Taksdal, mobil: 476 31 054
Inn på tunet, Torvholen Gard
Torvholen Gard er ein møteplass med hage, naturopplevingar og andre ulike aktivitetar som passer for alle. Ein kan sjølv velja om ein vil ha kontakt med dyra. Aktivitetane skal gje meistring, utvikling og trivsel.
Tilbod kvar torsdag kl. 09.00 - 13.30
Du må søkja for å få plass.
For meir informasjon ta kontakt med:
Demenskoordinator@time.kommune.no eller mobil : 904 07 110
Treffpunkt
Eit tilbod retta mot personar med kognitiv svikt. Treffpunktet er eit lavterskel tilbod.
Aldersgruppe frå 55 år
Opningstid: Opent måndager kl. 10.00-12.00
Tilhaldssted: Time frivilligsenter kafe og aktivitet, Røyrvika 10
På treffpunktet kan du:
- Verta med på aktivitetar saman med andre
- Verta med på den gode "drøsen"
- Kaffe med noko attåt
Kontaktpersonar:
Anita M Stokdal, frivilligkoordinator tlf.: 51 77 61 68
Bente Dagmar Lura, demenskoordinator, mobil: 904 07 110
Demenskor
Er du glad i musikk?
Da kan du bli med i koret “Minneblomen”.
Koret øvar på Sivdammen, Røyrvika 10, Bryne, på tysdagar mellom kl. 17.00-19.00.
Sosialt samvær etter øvingane med kaffi, drøs og lett servering.
Tilbodet er gratis.
Påmeldingsskjema til demenskoret “Minneblomen”
For meir informasjon ta kontakt med demenskoordinator Bente Dagmar Lura, moil 904 07 110 eller e-post: demenskoordinator@time.kommune.no