Heimetenesta

Heimetenesta har tenestene heimesjukepleie, praktisk hjelp heime og kvardagsrehabilitering.

Kvardagsrehabilitering
Praktisk hjelp i heimen

Praktisk hjelp heime er eit tilbod til deg som grunna nedsett helsetilstand er heilt avhengig av hjelp for å kunna gjenomføra dine daglege gjeremål, leva og bu sjølvstendig.

Me gjer merksam på at du ikkje vil få hjelp til støvsuging dersom du får praktisk bistand. Me oppmodar om at du skaffar deg ein robotstøvsuger i staden for. Elektrobutikkar har stort utval av robotstøvsugarar i ulike prisklassar. For mange hushaldningar er dette no eit like vanleg hjelpemiddel i heimen, som til dømes mikrobølgeomn og oppvaskmaskin.

Du kan få hjelp til dei naudsynte oppgåvene som du sjølv ikkje meistrar. Tenesta kan omfatta reingjering av rom som du bruker i det daglege, bere ut søppel, ta inn post, vaske klede eller ta ut- og inn av oppvaskmaskin. 

 

Det er eigenbetaling for denne tenesta.

 

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er naudsynt helsehjelp. Dette inneber til dømes hjelp til stell, dusj og oppfølging til ernæring. Naudsynt helsehjelp frå heimesjukepleia er gratis.

Heimesjukepleia kan også hjelpa med praktiske oppgåver, til dømes å bera ut søppel, ta inn post, vaske klede eller sette inn i oppvaskmaskinen. Dette er oppgåver som ikkje er naudsynt helsehjelp og som du må betala eigenandel for. Eigenandelen vert rekna ut basert på kor lang tid denne hjelpa tek, og kva inntekt du har.

Det er eigenbetaling for praktiske oppgåver 

Kva heimetenesta gjer og kva heimetenesta ikkje gjer

I heimesjukepleien er me opptekne av at du skal få medverka og at du skal kunna nytta dine eigne ressursar for å vera mest mogleg sjølvhjelpen.

Når du mottek hjelp frå heimesjukepleien vil du få ein primær- og sekundærkontakt som er dine hovudkpontakter. Sjølv om me legg til rette for at du skal ha færre av personalet å forhalda deg til, må du vera førebudd på at det i periodar vil vera fleire ulike personar som kjem til deg.

Teneste- og samordningskontoret er dei som vurderer behovet ditt og fattar vedtak om kva slags hjelp du kan få. Heimetenesta dokumenterer eventuelle endringar i behov til teneste- og samordningskontoret, som vil ta stilling til ei justering eller avslutning av tenesta.

Kva gjer heimesjukepleien og kva heimesjukepleien ikkje gjer
Kva gjer heimesjukepleien Kva heimesjukepleien ikkje gjer
Naudsynt helsehjelp Heimetenesta er ikkje ei akutt teneste. Dersom du treng tilsyn ved akutt sjukdom, må du ringa 113 eller legevakt
Rettleiing og opplæring Leverer ikkje urinprøve til legekontor
Hjlep til personleg hygiene, av- og påkledning Tek ikkje blodprøvar
Legga til rette for enkle måltid Følger ikkje til legetime, korttidsopphald eller andre ærend
Tilby ernæringskartlegging Bestiller ikkje transport
Hjelp til medisinering av multidose og eventuelt medisindispenser Doserer ikkje medisinar. Unntaket er dersom du skal ha ein kur, til dømes antibiotika
Hjelp til medisinske prosedyrar Tek ikkje imot eller låser inn brukarar som skal heim, til dømes frå sjukehuset
Dersom du sjølv ikkje kjem deg til legekontor, kan heimesjukepleien gjera unntak til injeksjonar og sårbehandling Hentar ikkje ut medisinar frå apotek
Tilsyn og pleie ved livets slutt Handlar ikkje inn mat eller anna til hushaldninga di
Følger opp tryggleiksalarmen din Tek ikkje ut søppel, hentar ikkje inn post eller ryddar etter besøk
Dersom du har behov for naudsynte praktiske oppgåver vil me kunna utføra praktisk bistand. Dette vil utløyse eigenbetaling.

 

Informasjon frå heimetenesta

  • Ved akutt sjukdom: Ring 113 eller legevakt
  • Du kan kontakta heimetenesta via HelseNorge
  • Viss eit planlagt besøk ikkje passar oppmodar me om at det vert avlyst minst 24 timar på førehand
  • Dersom du treng hjelp frå morgonen, vil du vanlegvis få hjelp i tidsrommet 08.00 - 11.30
  • Ved forseinkingar vil det verta gjort faglege vurderingar på kven som treng hjelp først
  • Dersom du har avtale om multidose, ver merksam på at feriepakking må skje seinast åte veker på førehand
  • Du kan søka om kommunal tannhelseteneste når du har hatt heimesjukepleie i 3 månadar.
Kontakt oss
Telefonnummer heimesjukepleie og praktisk hjelp heime
Sone Vakttelefon
Aust 911 11 570
Nord 951 49 983
Vest 415 77 088

 

Kontaktinfo

Teneste- og samordningskontoret
E-post
Mobil 47 60 81 60