Kva er tryggleiksalarm og GPS

Tryggleiksalarm består anten av ein stasjonær tryggleiksalarm som blir montert i heimen eller mobil tryggleiksalarm/GPS.

Kven kan få tilbod om tryggleiksalarm eller GPS?

Dersom du bur i Time kommune og har eit hjelpebehov på grunn av sjukdom og/eller funksjonsnedsetjing, eller har behov for å førebyggje sjukdom og funksjonsnedsetjing, kan ein tryggleiksalarm vere ei støtte for å gi auka tryggleik i kvardagen. 

Har du vanskar med å finne vegen heim/orientere deg når du beveger deg utandørs, kan ein mobil tryggleiksalarm/GPS vere ei alternativ løysing. Føresetnaden er at du har pårørande eller andre som kan rykke ut dersom du har behov for assistanse. 

Du må ha tilstrekkeleg kognitiv og fysisk funksjonsevne for å betene alarmen som tiltenkt. Du må samtykke til bruk. For personar utan samtykke, er det eigne reglar, sjå lovgrunnlag. 

 

Søke om tryggleiksalarm

 

Stasjonær tryggleiksalarm
  • Eit alarmapparat blir montert i heimen din
  • Du får ein alarmknapp i form av ei klokke eller eit smykke til å ha på deg til ei kvar tid.
  • Tryggleiksalarmen fungerer kunn inne i bustdaen, kan ikkje garantera at tryggleiksalarmen vi fungera som til dømes i hagen. 
  • Alarmanrop blir besvart av eit repsonssenter bemanna med helsepersonell.
  • Ved behov kontaktar responssenteret heimesjukepleien som rykker ut på oppdrag. Tryggleiksalarmen er ikkje ei akutt teneste, og det må derfor reknast med noko ventetid frå alarm/telefonkontakt til personkontakt. 
  • Tenesta er tilgjengeleg heile døgnet.
  • Teknikkar gjer nøvendige vedlikehald av utstyret. 
  • Tryggleiksalarmen gir automatisk varsel til tenesta/heimesjukepleien ved driftsproblem  
  • Det blir montert ein nøkkelboks utanfor ytterdøra di. Dette gjeld sjølv om buretttslaget har nøkkelboks frå før. Du må ikkje ha kopi av husnøkkel som kan låsast inn i nøkkelboksen før tenesta startar opp. Heimesjukepleien vil låse seg inn dersom du ikkje klarer å opne døra når dei kjem på utrykking. 
  • Tilbodet er ikkje ei “øyeblikkeleg hjelp” teneste. Ved akutte hendingar må du ringe 113.  
Mobil tryggleiksalarm (MTA)
  • Ein mobil tryggleiksalarm (MTA) er ein bærbar eining som har til hensikt å kunne brukast utandørs.
  • Alarmen har innebygd GPS-funksjon, slik at du kan lokaliserast dersom det er nødvendig. 
  • Ei klokke med lader blir levert ut til deg. Dette er eit utlån og klokka må leverast tilbake til kommunen når du ikkje lengre har behov for den. 
  • Varsel frå alarm må pårørande svara på.
  • Det blir laga ein avtale som definerer kven (du eller dine pårørande) som skal ha ansvar for å lade klokka, handtere feil og reparasjonar, mottakarfunksjon og utrykking ved behov for assistanse. 
  • Tenesta blir evaluert jamleg, og det må gjerast vurderingar av om tenesta fungerer tilfredsstillande. 
Kva koster det?

Du betaler ei månadleg leige for tryggleiksalarm på kroner 395. prisen på leige av tryggleiksalarm vert korrigert årleg.

Månadleg fakturering påløper til tryggleiksalarmen blir returnert til teknikar/ansvarleg montør etter at behovet er opphøyrt.

Ved tap av “alarmknapp” eller GPS-klokke/smykke nå leigetakar sjølv betala ny.

GPS klokke kan ein kjøpe sjølv. Ta kontakt dersom du vil ha meir informasjon, mobil 476 08 160. 

 

 

Kva forventes av deg?
  • Du er ansvarleg for å ha klokka på deg til ei kvar tid
  • Gi beskjed om endring i helsetilstand og eventuelt hjelpebehov.
  • Gi melding om flytting.
  • Du er ansvarleg for at klokka blir forsvarleg behandla og blir lada ved behov.
  • Tryggleiksalarmen må leverast inn etter endra behov. Eigenandel løper inntil klokka/alarmen er levert inn til heimesjukepleien.
  • Sørgja for framkommeleg veg til bustaden.
Kontaktinformasjon

Teneste- og samordningskontoret (TSK)

Postadresse, Time kommune, Teneste- og samordningskontoret, postboks 38, 4349 Bryne

Besøksadresse: Røyrvika 10, 4344 Bryne

E-postadresse: tenestekontor@time.kommune.no Ikkje send sensitiv informasjon per epost.

Telefon 476 08 160 alle kvardager 

Lovgrunnlag

Tryggleiksalarm og mobil tryggleiksalarm med GPS er ikkje ei lovpålagd teneste.

Er søkjer ikkje samtykkekompetent vedrørande varetaking av eiga helse og behov for aktivitet, kan næraste pårørande skriva under på eigensøknad, jfr. pasient– og brukar-rettslova (pbrl) §§ 4-6 og 4-6a. (Dersom det er utnemnt verje for varetaking av eiga helse og behov for aktivitet skal verja skriva under på søknaden.) Vurdering av samtykke-kompetanse skal vera dokumentert av behandlande helsepersonell.