Lyefjell fritidsklubb og Mekkeklubben

"Klubben" og Mekkeklubben på Lye er ein populær og rusfri møteplass for unge på Lye.

Både fritidsklubben og Mekkeklubben held til i kjellaren under Lyefjell barnehage. Mekkeklubben har i tillegg eit eige lokale nedanfor Fjellvegen.

På "Klubben" kan ein koma innom for å møta andre, spela bordtennis, fotballspel eller andre spel, høyra på musikk, sjå film, vera med på aktivitetskveldar og discokveldar.

Målgruppa er unge frå 8. klasse til og med vidaregåande skule.

Følg Lyefjell fritidsklubb på Facebook for å sjå kva som skjer på "Klubben" framover.

Opningstider

Lyefjell fritidsklubb
Måndagar kl 18.00 - 21.00, 8. trinn til 18 år
Tysdagar kl 18.00 - 21.00, 8. trinn til til 18 år

Mekkeklubben
Tysdagar kl 18.00 - 21.00
Torsdagar kl. 18.00 - 21.00
8.trinn til 20 år alle dagar

Adresse

Sentervollen 29
4347 Lye

Kart