Trygg ferdsel på islagde vatn krev kunnskap
Is er eit naturfenomen og du må derfor ha litt kunnskap når du ferdast på islagde vatn, akkurat som det krev kunnskap om du tek ut på ski i fjellet. Det er blant anna viktig å vita at det vil variera kor tjukk og sterk isen er på eitt og same vatn sjølv om kuldeperioden går over lang tid.
Når ein ferdast på islagde vatn må ein alltid forhalda seg til at det kan vera svake punkt på isen som:
- område nær elveutløp og elveinnløp (osar og bekkar)
- ved oddar, nes og brygger
- langs myrar og siv
- tronge sund og ved grunner
Meir informasjon