Lyst på tur, men manglar utstyr? Privatpersonar, organisasjonar og skular kan låna turutstyr frå utstyrslageret på Bryne.
Lån utstyr frå frilager.no
Utstyrslagera i Time kommune er eit samarbeid mellom Frilager og kommunen. Du finn dei:
- Ved parkeringsplassen bak Time rådhus
- Ved Melsvatnet
- Ved Gåsevika (Kvernaland)
- Ved Kvernaland omsorgssenter
Merk at utstyr må bestillast to dagar før du har tenkt å bruka det. Hent utstyret ved valt lokasjon. Kode for lås vert utlevert til leigetakar. Lån av utstyr er gratis for skular og andre kommunale verksemder. Frivillige organisasjonar får 50% rabatt.
Bestill utstyr frå frilager.no
Eksempel på utstyr du kan låna/leiga. Nokre av varene kan du bestilla som klassesett:
- Tursko
- Skøyter og hjelmar
- Ski
- Tursekkar
- Telt og lavvo
- Fiskestang (klassesett)
- Kokeapparat
- Liggeunderlag og sovepose
- Klatreutstyr
- Aggregat
Frilager er eit samarbeid mellom Stavanger Turistforening, Vesterlen speiderkrets, Ryfylke friluftsråd og Jæren friluftsråd.
Sist endra 10.04.2025 15.04