Ti turar i Time 2025: Tur 6, Snorestad – Skårlandskula – Lauvlia – Snorestad
Jan Oskar Haugen
Ti turar i Time er kommunen sitt opplegg for å gjera turar i nærmiljøet kjende for innbyggarane. Kvart år vel me ut ti overkomelege turar. Alle som går minst éin av turane får ei lita gåve frå kommunen, og blant alle som går alle ti turane trekk me ut flotte premiar.
Nytt i år
I år er Stolpejakten eit heilt nytt innslag – du kan lesa meir om det litt lenger ned på sida – og så har me for aller første gong ein universelt utforma tur på programmet, altså ein tur som er tilrettelagd for rullestolbrukarar: Tur 1, i området rundt Eivindsholtjørn. Elles vil me gjerne trekka fram tur 6 til Skårlandskula, den er ny i år og byr på fantastisk utsikt frå over 400 meters høgd.
QR-kodane
I år som i fjor har me ikkje nokon brosjyre med alle turane i. I staden kan du velja deg ein tur her på nettsidene våre, og når du er framme ved utgangspunktet for turen vil du finna eit skilt med ein QR-kode. Skannar du denne koden med mobilen får du opp kart og turinfo, og ved målet for turen står eit nytt skilt med ein ny kode som lar deg registrera at du har gått turen.
Analogt alternativ
Er du ein av dei som ikkje føler deg heilt heime i det digitale hjørnet? Ikkje ver redd, kommunen tek vare på deg òg! Du kan koma innom Innbyggarservice på rådhuset og få skrive ut turinfoen hos oss, og i staden for å bruka QR-kode for å registrera turen kan du berre hugsa bokstaven som er klistra på skiltet ved turmålet. Dei ti bokstavane gjev eit ord eller ei setning som du kan levera på rådhuset når du har gått alle ti turane … og vips, er du òg med i trekkinga!
Stolpejakten
Så var det Stolpejakten, då! Dette er eit landsdekkande konsept som me i år har teke med oss inn i Ti turar i Time. Du kan sjølvsagt gå alle dei ti turane heilt uavhengig av Stolpejakten, akkurat som før, men me tenker at dette set ein ekstra liten spiss på turane våre. Konseptet kan du lesa meir om på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet. I tillegg til dei til saman 40 stolpane som står langs Ti turar-løypene finn du òg, viss du søker på Time kommune, eit kart med 30 stolpar som heiter “Frøylandsvatnet rundt” og eit med 25 stolpar som heiter “Bryne sentrum”.
Så då er det vel berre å seia god tur i jærsk natur?
Turane
Tur 1: Eivindsholtjørn (universelt utforma), enkel
Tur 2: Kvernhallen – Håfjell, middels
Tur 3: Melsvatnet rundt, enkel
Tur 4: Sælandsfjellet rundt, middels
Tur 5: Bursfjell, krevjande
Tur 6: Snorestad – Skårlandskula – Lauvlia – Snorestad, middels
Tur 7: Tjåland – Jærbenken – Ulvarudlå – Aurenes – Tjåland, krevjande
Tur 8: Låglia, middels
Tur 9: Brusaknuten, middels
Tur 10: Sykkeltur Sandtangen – Bryne rundt – Midgardsormen – Sandtangen, middels
Alle som går minst éin tur får ein turpremie. Dei som har gått alle turane innan 1. november er med i trekning av premiar: To gåvekort á kr 1000, to gåvekort á kr 500, og kinobillettar.
Generelle tur-påminningar
Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:
- Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
- Respekter bandtvangen
- Lukk eventuelle grindar
- Ta avfallet med heim
- Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur
Hugs skikkeleg fottøy!
Tusen takk til alle grunneigarar for godt samarbeid.
Meld feil
Oppdagar du forsøpling eller manglar når du ute på tur, kan du melda feil på nett. Eventuelle manglande eller øydelagde Stolpejakt-stolpar kan du melda inn i appen.