Tur 1 i Ti turar i Time

For første gong i Ti turar i Time-historien har me ei universelt utforma løype på programmet! Tur 1 i 2025 er ein rundtur i området rundt Eivindsholtjørn på Bryne.

Grussti langs Eivindsholtjørn - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 1, Eivindsholtjørn (universelt utforma) Jan Oskar Haugen

Eivindsholtjørn (universelt utforma)

Fot-/rullestoltur, 4,2 km, rundløype, enkel
Total stigning 30 m

Tilkomst

Stolpe med QR-kode og Stolpejakt-stolpe ved Eivindsholtjørn - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 1, Eivindsholtjørn (universelt utforma), startskilt Jan Oskar Haugen

Turen startar frå den lille parkeringsplassen enden av Tjødnavegen, ved badeplassen i nordvestre hjørnet av Eivindsholstjørn. Det er ikkje så mange plassar her, så alternativ parkering med betre plass (men brattare bakke og fleire høgdemeter) kan finnast søraust for eigedommen Solheimsvegen 9.

QR-koden for å lasta ned løypa står på ein påle rett ved den minste parkeringsplassen.

Turinformasjon

Løypa går på grei og fast grusveg langs aust- og sørsida av det idylliske vatnet. Frå benkane som er plasserte i sørenden av vatnet kan du nyta utsikten mot vatnet og det verna fuglelivet. Turen går vidare inn på asfaltert turveg gjennom grøntområdet mellom Austre og Vestre Ring. I dette området finn du fleire aktivitetsmoglegheiter og rasteplass med benk og bord. Frå grøntområdet går løypa vidare ut på Tjødnavegen i retning vest, og deretter eit kort stykke på fortau langs Hognestadvegen. Så får du ein kort strekning på gang. og sykkelveg langs Brøytvegen før du beveger deg inn på grusveg tilbake mot Eivindsholstjørn, vidare langs vestsiden av vannet fram til der du starta – men turen er framleis ikkje slutt!

Pumpehus med påmontert QR-kode og Stolpejakt-stolpe - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 1, Eivindsholtjørn (universelt utforma), målskilt Jan Oskar Haugen

Vidare går løypa langs nordsida og halve austsida av vatnet, tar inn i det flotte grøntdraget på Eivindsholen, langs ballbanen og lekeområda, før ho krysser kanalen og kjem fram til eit pumpehus. På veggen til pumpehuset finn du QR-koden for registrering av turen. Vegen videre går gjennom eit smalt grøntdrag på grussti i ytterkant av busetnaden, følger fortauet langs Kong Haakons veg, tar inn Kong Haraldsgate, innom enda eit grøntområde, før du passerer langsmed Trollongane barnehage.  Ta gjerne turen innom den flotte kvartalsleikeplassen ved Tunheimgarden bustadområde, før du beveger deg videre på gang- og sykkelvegen, slakt opp mot Solheimsfeltet, og vidare tilbake mot Eivindsholstjørn og parkeringsplassen du starta frå.

Du har nå fullført runden. Me håper du hadde ein fin tur!

Stolpejakten

I år har me teke med det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.

På denne turen finn du til saman fem stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Parkeringsplassen der turen startar, gjerdet ved Trollongane barnehage, pumpehuset der du òg finn QR-koden for registrering av turen, ein benk i det søraustlege hjørnet av Eivindsholtjørn, og ein lyktestolpe der kor turløype svinger ut på gang- og sykkelvegen langs Brøytvegen.

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grinder
  • Ta avfallet med heim
  • Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00