Ti turar i Time 2024: Tur 10, Hognestad - Frøylandsvatnet - Hognestad
Jan Oskar Haugen
Ti turar i Time 2024: Tur 10, Hognestad - Frøylandsvatnet - Hognestad, startskilt
Jan Oskar Haugen
Sykkeltur: Hognestad - Frøylandsvatnet - Hognestad
Sykkeltur, 24,6 km, rundtur, middels
Total stigning 194 m
Tilkomst
Turen startar frå parkeringsplassen ved Hognestad skule. QR-koden er spikra opp på stolpen i hjørnet av ballbingen ved skulen.
Ti turar i Time 2024: Tur 10, Hognestad - Frøylandsvatnet - Hognestad, målskilt
Jan Oskar Haugen
Turinformasjon
Ein flott sykkeltur i variert jærsk landskap, som startar frå Hognestad og går via Hognestadvegen og Eivindholstjørna til Bryne, rundt Frøylandsvatnet og tilbake til Hognestad via Krossavegen og Herigstadvegen.
QR-koden for registrering av turen finn du ved innkjøringa til BMX-bana på Orstad.
Det er fleire flotte rasteplassar langs ruta med blant anna Dagsturhytta Frøya, Njåskogen og Drivhuset Bageri og
Gårdsutsalg som moglege alternativ.
Påminningar
Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:
- Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
- Respekter bandtvangen
- Lukk eventuelle grindar
- Ta avfallet med heim
- Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur