Tur 3 i Ti turar i Time

Tur 3 har me òg vidareført frå i fjor, ikkje minst på grunn av dagsturhytta Melsbu som sto ferdig midt i førre Ti turar-sesong. Området rundt hytta byr på flott natur og lett tilgjengelege turmoglegheiter.

Stemningsbilete frå kveldstid ved Melsvatnet - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 3, Melsvatnet rundt Jan Oskar Haugen

Melsvatnet rundt

Fottur, 3,93 km, rundløype, enkel
Total stigning 41 m

Informasjonstavle ved stien rundt Melsvatnet - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 3, Melsvatnet rundt, startskilt Jan Oskar Haugen

Tilkomst

Vår tur startar frå den austlegaste parkeringsplassen ved Melsvatnet, altså den som ligg nærmast Ålgård. Der finn du òg QR-koden for å lasta ned løypa, på infotavla nær innkøyringa til parkeringsplassen.

Du kan òg starta frå ein av dei andre to p-plassane rundt Melsvatnet, men der er ingen QR-kode. Parkering er skilta frå Ålgårdsvegen, fv.506, mellom Lye og Ålgård. Turen rundt Melsvatnet er i utgangspunktet tilgjengeleg for alle, men eit par av bakkane kan vera i tøffaste laget viss ein køyrer rullestol utan assistanse.

Turinformasjon

Frå den austlegaste parkeringsplassen er det om lag 900 meter til dagsturhytta Melsbu. Turen går i utgangspunktet i motsett retning, altså mot klokka – rett frå infotavla og austover, ut på brua over våtområdet.

Stolpe med QR-kode og Stolpejakt-stolpe ved benk ved Melsvatnet - Klikk for stort bileteTi turar i Time 2025: Tur 3, Melsvatnet rundt, målskilt Jan Oskar Haugen

Rundturen er om lag fire kilometer lang og har ei total stigning på 41 høgdemeter. Det er fleire rasteplassar og utsiktspunkt undervegs – mellom anna den godt merka stien opp til Brunshammaren (179 moh) – og vegen rundt har god oversikt over vatnet.

QR-koden for registrering av turen finn du på ein stolpe ved ein benk langsmed stien i nordvestleg ende av vatnet, omtrent rett diagonalt over frå parkeringsplassen der du starta.

Ved Melsvatnet finn du fleire badeplassar og fiskeplassar. På den midterste parkeringsplassen kan du leiga kanoar og anna utstyr via Frilager Nord-Jæren.

Dagsturhytta Melsbu opna i fjor og er tilgjengeleg for alle. Hytta har terrasse med trinnlaus tilkomst og er tilrettelagt for alle brukarar.

Me håper du får ein fin tur!

Stolpejakten

I år har me teke med det landsdekkande konseptet Stolpejakten i Ti turar i Time! Du kan lesa meir om det på denne sida her hos oss, eller på sidene til Stolpejakten, men kort fortalt er det eit lågterskel-tilbod for å få folk ut på tur. Last ned appen «Stolpejakten» til telefonen din, så kan du skanna QR-kodar på stolpane langs vegen og «samla» stolpar over heile landet.

På denne turen finn du til saman fire stolpar. Du finn dei lettast ved å søka opp kartet som heiter «Ti turar i Time» i Stolpejakt-appen, men dei står på følgande plassar: Infotavla der turen startar (som QR-koden med turinfo òg er festa på), rasteplassen rett over vatnet for parkeringsplassen, stolpen med QR-koden for registrering av turen, og på ein stolpe i utkanten av terrassen rundt Melsbu.

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til fem små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje blokkerer vegen for andre
  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grinder
  • Ta avfallet med heim
  • Følg kuvett-reglane viss du møter kyr når du er ute på tur

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00