Fritz Røed skulpturpark

Fritz Røed skulpturpark ligg langs Bryneåna ("Kongo") i sentrum av Bryne og vart opna 1. oktober 2004.

Parken inneheld ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik, alle laga av kunstnaren Fritz Røed. Her er humor, alvor, leik og ettertanke. Livsglede i det enkle og det kraftfulle, og stort rom for meiningar og tolkingar.

Skulpturane lever saman med parken, med lyset, vêret og årstidene, og er ein unik attraksjon kvar einaste dag.

Parken innheld også leikeapparat for barn, fontenar, fleire benkar, bord og sitjeplassar. 
Parken er universelt utforma.

Kart