Kraftstasjonen er stengt inntil vidare på grunn av byggets tilstand.
Det er planlagt oppussing i 2025.
Fotland kraftstasjon vart opna i 1915. Den skulle då forsyna Time kommune med straum "i all framtid". Etter tre år var kapasiteten sprengd. Då drifta vart avslutta i 1972 stod Fotland kraftstasjon for berre 2 % av totalforbruket i Time kommune.
Bygget vart gjenopna som museum i 1991. I tillegg til eit intakt indre, er det utstilling av bilde og gjenstandar frå anleggs- og byggeperioden. I 2. etasje er det utstilling av foto og gjenstandar frå Time i gamle dagar.
Ved kraftstasjonen går det merka turløype bort til demninga i kilt stein som vart bygd i samband med kraftstasjonen. Her var dagreservoaret til kraftstasjonen.