Søknad om å få stilla ut kunst eller kunsthandverk i mølla kan sendast fortløpande og seinast innan utgangen av august for utstilling påfølgande år. Utstillingssesongen strekk seg frå påske til advent. I sesongen er mølla open kvar sundag. Mølla er stengt i vintermånadene.
Søknaden skal beskriva utstillingsprosjektet eller foreløpige idear og tankar om utstillinga, samt ha vedlagt eller visa til nettstad for dokumentasjon av fagleg bakgrunn og tidlegare utstillingsprosjekt.
Søknader skal sendast til post@fotlandmolle.no
Ein komité med kunst- og kulturfagleg kompetanse vurderer søknadene og set opp utstillingsprogrammet. Kultursjefen i kommunen leiar komiteen.
Spørsmål kan rettast til utstillingskoordinator Kari Ann Lending Kleiveland, post@fotlandmolle.no, tlf. 472 62 667.