Tilskot til ferietur i eigen regi - søknadsfrist 1. mai
Søknadsskjema | Søknadsfrist: 1. mai
1. Målsetting
Time kommune ønskjer at funksjonshemma skal kunne realisere eigne ønskjer om turar / ferieturar gjennom varierte støtteordningar.
Ein vil legge vekt på den einskildes ønskjer og interesser, og behov for avkopling, oppleving og variasjon.
2. Generelle bestemmingar
Det er viktig med ei felles forståing av kva som ligg i omgrepet "funksjonshemming".
I Regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001 vert omgrepet forklart slik:
"Funksjonshemming er et misforhold mellom individets forutsetninger og miljøets og samfunnets krav til funksjon på områder som er vesentlige for etablering og opprettholdelse av selvstendighet og sosial tilværelse".
Funksjonshemminga er av varig karakter.
Kommunen kan gi tilskot til dekning av ekstrakostnadar som den enkelte funksjonshemma måtte ha for å kunne reise på ferie. Dette er utgiftar til reise, opphald og løn til ledsager.
Ein kan og gje tilskot til lag, organisasjonar mv. som arrangerar turar der funksjonshemma deltek. Tilskotet er budsjettavhengig.
Den funksjonshemma sjølv betalar eigne turutgiftar.
Den enkelte funksjonshemma må sjølv ordne reiseforsikring, avbestillingsforsikring og andre reisepapir.
Kulturkontoret kan være med å arrangere ferieturar for funksjonshemma, jf. kriteria i pkt. 6.
Når kulturkontoret arrangerer tur, og står for planleggings-, gjennomførings- og
samordningsansvaret for turen, skal dette være i samråd med brukarane.
Når kommunen ikkje har personalansvar på tur, har ein heller ikkje anna ansvar utover
eventuell tildeling av tilskot.
3. Kven kan søkje
Personar:
3.1. som grunna funksjonshemming er avhengige av ledsager / støtte på tur
3.2. som er over 15 år
Aldersgrensa kan ved skjønn vurderast lågare dersom det er særlege høve som tilseier det.
4. Turalternativ
Det kan søkjast tilskot til følgjande ferieturalternativ:
4.1. Tur i eigen regi.
Det kan gis eit eingongsbeløp i støtte til ledsagerutgifter.
4.2. Tur arrangert i kommunal regi
Heil eller delvis dekning av ledsagerutgifter.
4.2.1. Einskildtur, der ein person reiser åleine med ledsager.
4.2.2. Gruppetur, der fleire funksjonshemma reiser i lag med fleire ledsagerar.
4.3. Tur arrangert av andre.
Lag / organisasjonar / andre som arrangerar tur der funksjonshemma er med, kan
få tilskot som eit eingongsbeløp berekna per ledsager det er naudsynt å ha med.
5. Tilskot
Tilskot til ferietur vurderast individuelt og skjønnsmessig ut frå:
5.1. lengde og reisemål for turen i forhold til tidlegare turar
5.2. den einskilde sine økonomiske muligheiter for sjølv å dekkje deler av utgiftene til
ledsager
5.3. budsjetterte midlar og talet på søknadar.
Tilskotet utbetalast etterskotsvis på bakgrunn av framlagt rapport og rekneskap.
For å få tilskot må ein også ha behov for ledsager, jfr. pkt. 2 og 6.
Berre i heilt spesielle tilfelle kan krav om ledsagerbehov fråvikes.
6. Ledsager
Med ledsager meines naudsynt følgjeperson den enkelte funksjonshemma må ha med for å kunne avvikle ein ferietur.
Dette kan være personar som står den enkelte nær eller som er tilsett av kommunen.
Når kommunen står som arrangør av ferietur vert antal ledsagerar vurdert ut frå den enkelte brukar sitt hjelpebehov.
Når kommunen arrangerer tur skal brukarane sine eigne interesser og synspunkt høyrast og tileggjast vekt.
Kulturkontoret vil prioritere å skaffe ledsagerar til personar som:
6.1. har særleg behov for forandring i sitt daglege miljø, og som sjølv ikkje har
muligheiter for å kunne gjere noko med dette.
6.2. bur heime hos familie
6.3. bur åleine med avgrensa kommunalt tilsyn / støtte
( mindre enn 6 timar støtte / tilsyn på fritid )
Personar som
6.4. har vesentleg kommunalt tilsyn / støtte knytt til eige hjelpebehov
( meir enn 6 timar støtte / tilsyn på fritid ),
må stille med personell / ledsager frå tenesteytar på turane.
6.5. treng særskild medisinsk tilsyn må bidra til å få med kompetente ledsagerar.
7. Behandling av søknadane
Kulturkontoret har egna søknadsskjema som kan nyttast, men det er ikkje nødvendig å nytta desse.
• Søknad om tilskot til ferietur skal sendast til kulturkontoret.
• Søknadsfrist er 1. mai
Søknadar som kjem inn etter fristen vert ikkje imøtekomne.
• Med søknaden skal fylgje:
- Opplysningar om reisemål, tidspunkt og varigheit
- Behov for støtte / ledsager
- Kostnadsoverslag
• Likningsattest kan i spesielle tilfelle krevjast framlagt.
• Søknaden vert behandla individuelt
• Kulturkontoret kan ved førespurnad gje rettleiing og hjelp til å søkje.
8. Andre turar
Med andre turar meines turar som er arrangert for å oppnå oppleving, sosialt samvær og liknande.
Kommunen kan ved skjønn vurdere tilskot til slike turar, avhengig av budsjetterte midlar.