Time frivilligsenter kafe og aktivitet

Time frivilligsenter kafe og aktivitet held til i Sivdamsenteret på Bryne. Inngang via hovudinngangen og til høgre. 

Opningstider

Time frivilligsenter

  • Kvardagar kl. 08.00 - 15.00
  • Torsdagar til kl. 18.00

Kafeen

  • Kvardagar kl. 08.00 - 13.30
  • Måndag, onsdag og fredag er det middagsservering kl. 11.00 - 13.00
  • Tysdag og torsdag er det middagsservering kl. 11.00 - 13.30
Kafe og middagsservering

Kafeen er open for alle. Her kan du nyta eit godt måltid i eit triveleg miljø. 

Open kafe frå klokka 08.00–13.30.
Måndag, onsdag og fredag er det middagsservering klokka 11.00-13.00.
Tysdag og torsdag er det middagsservering klokka 11.00-13.30.
Frukost og middagsservering alle kvardagar. Middag kan du også ta med heim. 

 

 

Program hausten 2024

Last ned vår brosjyre (PDF, 814 kB) med oversikt over alle aktivitetane.

For å vera med på ein av aktivitetane, ta kontakt med Anita (mob. 904 77 585) eller Karin (tlf. 51776168) på Time Frivilligsenter kafe og aktivitet.

 

 

 

Time frivilligsentral

Time frivilligsentral har lokale i Time frivilligsenter

Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken skal gje personar over 70 år i Time kommune eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet. 

Arrangement i regi av Den kulturelle spaserstokken er alltid gratis og vert oftast lagt til Time frivilligsenter kafe og aktivitet, Bryneheimen og Kvernaland omsorgssenter. Målgruppa for Den kulturelle spaserstokken er alle over 70 år.

Deler av tilbodet vert finansiert med midlar frå Rogaland fylkeskommune. 

Informasjon
  • Frivilligsenteret tek i mot enkel reparasjon av klede, kontakt
    personalet.
  • Jæren Hørsellag likemann/hørselhjelpar på Frivilligsenter kafe og aktivitet: 1. og 3. tysdag i månaden klokka 10.00-12.00.
    v/Mildrid Espeland tlf. 995 61 776
  • Frivilligsenteret sel batteri til høyreapparat.
Kontaktinformasjon

Time frivilligsenter
Anita Morales Stokdal, Frivilligkoordinator
Tlf: 90477858
E-post: frivilligsentralen@time.kommune.no

Postadresse: Pb 38, 4349 Bryne
Besøksadresse: Røyrvika 10, 4340 Bryne (Sivdamsenteret)

Andre nyttige telefonnummer

  • Kafeen: tlf. 51 77 62 74
  • Aktivitetsdelen: tlf. 51 77 61 68

Adresse

Røyrvika 10, 4344 Bryne

Kart