Aktuelt fra landbrukskontoret

Søknader til Innovasjon Norge 2024

Innovasjon Norge Rogaland vil gjerne ha inn søknader om investeringsmidlar for byggeprosjekt for 2024. Har du planar om å bygge og vil søkje, er det bare å få inn søknaden.

 

Prioriteringar investeringsmidlar Innovasjon Norge 2024

Dei endelege prioriteringane for bruk av investeringsmidlane som Innovasjon Norge forvaltar til landbruket kjem tidleg i 2024.  Men fylgjande vil verte vidareført frå 2023:

  • fokus på mjølkekufjøs for inntil 30 kyr med basis i eiga kvote og eige grovfôrgrunnag.
  • mogleg å søkje om midlar til sau og kjøttfe for bruk med eksisterande produksjon der fokus ligg på dyrevelferd – ikkje oppstart av ny produksjon eller auka produksjonsvolum.
  • utviding av kapasitet til gjødsellager kan få støtte, ikkje krav om fast toppdekke lenger på gjødselkum
  • investering i plansilo og andre lagerløysingar som reduserer bruk av landbruksplast
  • gris kan få støtte til SPF-ombygging som dyrevelferdstiltak
  • grønnsaker og bær
  • nye næringar, som reiseliv og lokalmat
Tiltak/opprensk i bekk, kanaler og åpne grøfter – ta alltid kontakt

Det er to lover/forskrifter som skal vurderes ved opprensk og tiltak i bekk og vassdrag: 1. Lov om vassdrag og grunnvann, og 2. Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag.

Lov om vassdrag §12 gir mulighet for å renske opp/gjenopprette vassdrag til samme nivå som det hadde for inntil 5 år siden. Tiltak skal meldes inn til vassdragsmyndigheten.

Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag sier at det er forbudt uten tillatelse å iverksette tiltak som kan medføre forringelse av produksjonsmulighetene for fisk og andre ferskvannsorganismer. Opprensk vil nesten alltid føre til at noe jord blander seg med vannet og flyter nedover. Dermed er det en fare for forringelse, da sediment kan legge seg i gyteområder og drepe yngel. Vi må derfor alltid ha en dialog om tidspunkt for gjennomføring.

Regionale myndigheter har laget en veileder for reglene for arbeid i vassdrag; Veileder for Rogaland - inngrep i vatn og vassdrag. I veilederen står det følgende om opprenskning i kanal/grøft: 

Kanalar er ofte bekker som frå tidlegare har blitt kanalisert og som derfor er rekna som ein del av vassdraget. Tiltak i kanalar (og i bekk) må som hovudregel derfor ha løyve etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. 

Opne grøfter i landbrukssamanheng kan ofte gå tørre (dvs. har ikkje årssikker vassføring) og har til hovudhensikt å drenere vatn. Slike grøfter er ikkje å rekne som ein del av vassdraget, jf. lakse- og innlandsfisklova §5 første ledd, bokstav c.  Vedlikehald/ oppreinsking av desse er i utgangspunktet ikkje søknadspliktige tiltak etter forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Dette så framt ein med sikkerheit kan vite at det ikkje er fisk eller andre ferskvassorganismar til stades som forskrifta har til hensikt å ta omsyn til.

Du kan i utgangspunktet regne med å få tillatelse til opprensk, men det kan være føringer for tidspunkt og hvordan det gjennomføres. Hvis du vil gjøre større inngrep som å flytte/lukke bekk med mer, så skal det alltid søkes. Men også her vil mulighetene øke hvis prosjektet er godt beskrevet og det sørges for at hele tiltaket blir gjort etter miljøvennlige metoder. Gjøres det rett vil forholdene jo også bli bedre etter tiltak.

Det er Statsforvalteren eller Fylkeskommunen som er myndighet i vassdragene, henholdsvis med og uten laksefisk. Ta alltid kontakt med oss i kommunen hvis du skal renske, og vi vil vurdere om det er behov for å søke. Selv om du mener at det ikke er fisk i bekken, så må du ta kontakt i forkant.  Kommunen vil hjelpe til med søknad. Du må søke i god tid, da det dessverre er lang saksbehandlingstid hos Statsforvalteren.

Kantsoner langs vassdrag

Kvifor kantsoner langs vassdrag?

Vegetasjonskledde kantsoner og buffersoner har ein reinsande effekt på vatnet som kjem frå ulike areal, før vatnet renn ut i vassdraga. I tillegg til funksjonen som reinsefilter, fungerer òg desse kantane som «ferdselsårer» og leveområde for det ville fugle-, insekts- og dyrelivet. Særleg for dyrelivet er det viktig å ha mest mogleg samanhengande kantsoner til å ferdast i. Kantsoner med vegetasjon i form av tre eller låge kratt mot vassdrag gjev auka mattilgang, gøymestader og skugge for livet i elva. Skugge vil redusere algevekst i vassdraget, samt hindrar at gras og andre planger gror i bekken. Vegetasjonen sine røter armerer og bind vassdragskantane, som motverkar erosjon og utrasing. Ved flaum vil tre og buskar ha ei bremsande effekt på flaumvatnet.

Du kan her sjå film om kantsoner.

 

Jordbruksareal skal ha kantsoner langs vassdrag

I ulike lovverk, føresegner, retningsliner og frivillige ordningar er det krav om ulike avstandar mot vassdraga, dvs. breidde på kantsona. Etter vannressurslova §11 har kommunen høve til å fastsetje breida på kantvegetasjonen. Lova seier også at kantvegetasjonen skal skjøttast på ein slik måte at eksisterande førekomstar av naturlege artar og naturlege prosessar ikkje vert endra i kantsona. I NVE sin rettleiar for kantsoner kan du lese meir om dette.

Krav til breidde på kantsoner

  • 2 meter kantsone mellom vassdrag til eksisterande dyrka mark. Kantsona gjeld alle produksjonar. I sona kan det beitast og utførast anna normal skjøtsel, men du kan ikkje pløye dei to metrane nærast vassdraget. Vegetasjonen skal ikkje endrast utan søknad, men kan «skjøttast normalt» Det vil seie felling av enkelttre osv. er tillate. Men det er ikkje tillate å fjerne all vegetasjon langs vassdraget slik at det blir ei permanent endring i vegetasjonssona.  Vannressurslova §11 og Forskrift om produksjonstilskot §4. 
  • 3 meter sprøytefri sone for plantevernmidlar. Forskrift om plantevernmidlar §20.
  • 6 meter urørt kantsone mot vassdraget ved nydyrking. Forskrift om nydyrking §6.

Frivillige ordningar som gir ekstra tilskot

  • 4 meter ekstra grasdekt kantsone i eng gir tilskot gjennom RMP-ordninga
  • 6 meter frivillig ugjødsla og ikkje sprøyta randsone grasdekt kantsone i åker gir tilskot gjennom RMP-ordninga. Hausting må skje ved beiting eller slått.

Endringer i tilskotssatsane til grøfting frå 1. juli!

Me har rom for fleire søknader om tilskot til grøfting, dersom du tenker på arbeid til haust/vinteren. Satsane har som fylgje av jordbruksforhandlingane blitt endra frå 1. juli, frå 2.500 kr./daa til 4.000 kr./daa. Det er søknadstidspunktet som vert lagt til grunn. Me har fått presisert at påbegynt grøfting ikkje vil få endringer i tilskot, og at grøftinga ikkje må vera starta før søknad.

 

Forbetring av fulldyrka areal til jordbruksføremål og terrenginngrep i LNF-område

Frå tid til anna er det ynskje om å forbetre og fylle på massar på både fulldyrka jord og anna areal på garden, samt å gjera ulike terrenginngrep. Dette må vurderast etter ulike lovverk, som til dels er noko uoversikteleg. Time kommune har difor laga eit notat som gjer greie for lovverket og korleis ein kan søkje. Notatet er ei klargjering av eksisterande lov- og regelverk, det er ikkje innført noko nytt. Målet er at dette skal vera til hjelp for både grunneigar og kommunen. Du kan lese notatet her.

Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel

Det er gledeleg at mange nyttar seg av dette. Tilskotssatsane for 2023 vil truleg vere på om lag same nivå som i 2022 (kr. 85 pr. daa, og ekstra tilskot for spreiing med tilføreselsslange kr. 50 pr. daa).

For å kunne søkje tilskot til miljøvennleg spreiing må:

- all husdyrgjødel for det aktuelle arealet verta spreia på denne måten, for alle gjødslingane i sesongen

- du kan godt bruke anna spreiemåte på noko areal på garden, så lenge du ikkje søkjer tilskot til miljøvennleg spreiing på det arealet

- maksimal mengde gjødsel inkludert vatn er 6 tonn pr. spreiing frå 2023

- all gjødsel vera spreia innafor siste spreiedato 10. august

- du ha ein gjødslingsjournal, som viser gjødslingsmetode for ulike areal, spreiemengde og tidspunkt for gjødslingane.

- føretak som ikkje disponerer utstyr sjølv kunne legge fram kvittering for leige av utstyr/leigekøyring

Me har/vil i løpet av våren og sommaren vera ein del turar ute på bygda for å observera kva areal som det har blitt brukt miljøvennlege spreiingsmetodar på. Dette slik at me har eit grunnlag for å vurdere søknader om tilskot når me kjem til søknadsperioden 15.09 – 15.10.

 

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00