Bonden har eit stort ansvar kvar einaste dag. For alle bønder kan det oppstå situasjonar eller enkelthendingar som kan vere vanskelege å handtere åleine. Det er ikkje uvanleg at ein mistar evna til å tenkje klårt når ein er i ein vanskeleg situasjon, anten det er ei akutt krise eller ein belastande situasjon som tærer over tid.
Det er nettopp det Bondens nettverk kan hjelpa med; få oversikt og legga ein plan for å normalisera situasjonen. Ved psykisk uhelse er det ofte nødvendig å ha kontakt med fastlege eller legevakt og psykiatrisk sjukepleiar. Bondens nettverk er eit tilbod i tillegg til dette.
Ta kontakt med ein av personane på «Plakat Bondens Nettverk» (PDF, 374 kB) dersom du lurer på noko.