Skada og sjuke viltdyr

Det er ikkje straffbart å køyre på dyr, men det er straffbart å ikkje melde i frå. Ved påkøyring av hjortedyr ta kontakt med politiet på telefonnr. 02 800, som kontaktar ettersøksjegere kommunen har avtale med.

Finn du daude rådyr langs kommunale vegar kontaktar du kommunen på 51 77 60 00. Dersom du finn daude dyr langs fylkesveg er det Rogaland fylkeskommune som skal varslast, 51 51 66 00.

Skada viltlevande smådyr, som mus, rotter, fuglar med meir er den beste hjelpa å avlive dyret raskt og humant. Har du ikkje kunnskap og evne til å gjere dette sjølv, kan ein veterinær avlive dyret utan kostnad for deg. Veternæren får økonomisk kompensasjon frå staten for å yte nødhjelp til ville og eigarlause dyr. Du kan finne meir informasjon om skada ville dyr på heimesida til Mattilsynet.

Skadde eller daude sjødyr langs kysten er det Fiskeridirektoratet som skal varslst, 55 23 80 00.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00