Spreieareal og godkjenning av spreieareal på innmarksbeite
Det er berre lov til å spreia husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i forhold til dyretalet. Fulldyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal. Dersom du vil spreia husdyrgjødsel på innmarksbeite, må kommunen godkjenna arealet på førehand. Her må du ta kontakt med landbrukskontoret.
Spreiing av husdyrgjødsel er berre tillatt frå 15. februar til 1. september. Det er ikkje tillatt å spreia på snødekt og frosen mark. Alle bruk skal ha minimum 4 daa fulldyrka jord per gjødselsdyreining (GDE).
Får du tilkøyrt husdyrgjødsel eller har avtale om å køyra vekk gjødsel?
Då skal det ligga føre ein skriftleg avtale mellom leverandør og mottakar og det skal også leverast kvittering for ferdig utkøyrd gjødsel. Dette må du kunna legga fram ved kontroll. Her ligg eit eksempel på avtale og kvittering (PDF, 476 kB).
Her kan du rekna ut spreiearealet ditt.
Kalkulator til nytt gjødselregelverk
Til hjelp med å anslå hvordan de foreslåtte reglene vil slå ut er det laget en enkel kalkulator som beregner hvor mye fosfor som produseres ut fra antall dyr på foretaket, og om foretaket vil ha nok spredeareal med regelverket som er foreslått. Kalkulatoren ligger her hos Landbruksdirektoratet.
Sist endra 17.02.2025 13.03