Tilskot frå regionalt miljøprogram (RMP)

Alle landbruksføretak kan søka tilskot for å gjera miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Det er mogleg å søke tilskot frå 15. september.

Søknadsfristen er 15. oktober.

Miljøprogramma skal fremma særskilde miljømål i jordbruket: 

  • redusera forureining til vatn og luft 
  • ivareta kulturlandskap og kulturminne 
  • tilrettelegga for friluftsliv 
  • ivareta biologisk mangfald 

Statsforvalteren i Rogaland har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføra. Tiltaka vert bestemte ut frå kva Statsforvalteren i Rogaland ser på som dei største miljøutfordringane i fylket. Kommunen mottek og behandlar søknadane og skal gje rettleiing til søkaren.

Du finn meir informasjon om kvem som kan søka, rettleiing og søknadsmateriell på Statsforvalteren i Rogaland og på Landbruksdirektoratet.

Kontaktinfo

Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00