Kommunedirektør Trygve Apeland

Kommunedirektøren er øvste leiar for den samla kommunale administrasjonen, med dei unntaka som følger av lov og rammer fastsett av kommunestyret.

 
Kommunedirektøren skal sjå til at dei sakene som vert lagde fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidde og at vedtak vert sette i verk.

Kommunedirektør Trygve Apeland - Klikk for stort bileteKommunedirektør Trygve Apeland Ingeborg Skrudland

Kommunedirektøren har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle kommunale organ med unntak av kontrollutvalet. Den underordna møter i eigenskap av kommunedirektør.

Kommunestyret delegerer myndet til kommunedirektøren å treffa vedtak i enkeltsaker eller typar av saker som ikkje er av prinsipiell karakter.

E-post, brevpost og anna skriftleg korrespondanse vert behandla i samsvar med Lov om offentlighet i forvaltningen. 

Kommunedirektøren sine oppgåver og mynde er fastsett i kommunelova § 23.

Kontaktinfo

Trygve Apeland
Kommunedirektør
E-post
Telefon 90 87 00 79
Mobil 90 87 00 79