Flyktningsituasjonen

Krigen i Ukraina har ført mange menneske på flukt. Time kommune busette 140 flyktningar i 2022, 122 i 2023, og planlegg å busetta 130 i 2024.

På denne sida finn du informasjon om flyktningsituasjonen og korleis du kan bidra.

 

Har du plass til flyktningar?

Me har behov for bustader til flyktningane som skal busettast i Time, og oppmodar alle som har hus, leilighet eller hybel tilgjengeleg om å melda frå om dette.

Personar som har dette tilgjengeleg i Time kan melda frå her:
Utleige av bustadar til flyktningar

Registrering / Har du flyktningar frå Ukraina buande hos deg?

Alle flyktningar som kjem til Noreg må registrera seg slik at dei får tatt nødvendig helsetest og får alle rettar flyktningstatus gir. Når ein flyktning er registrert vil vedkomande få eit D-nummer som er tilsvarande eit fødselsnummer. Dette gir mellom anna moglegheit for bankkonto og mobilabonnement i Noreg. I tillegg får dei moglegheit for språkopplæring, arbeid, bustad, introduksjonsprogram med meir. 

Registrering

Informasjon om korleis ukrainske borgarar kan søka kollektiv beskyttelse i Norge.

På nettsidene til UDI finn du meir informasjon  retta direkte til flyktningar, familie til flyktningar og arbeidsgjevarar. 
 

Treng flyktningane helsehjelp?

Alle som oppheld seg i kommunen, anten det er turistar eller flyktningar som bur i private heimar, har rett på helsehjelp ved akutte behov.

Ved akutt og alvorleg sjukdom, ring legevakta 116 117.

Dersom gravide eller nyfødde nyleg er komne til landet kan helsestasjon kontaktast på tlf 51 77 62 36.

Meir informasjon om helsestasjon og jordmortenester

Krisereaksjoner og mestring (PDF, 598 kB)

Slik kan du hjelpa

På nettsidene til Frivillighet Norge finn du informasjon om korleis du kan støtta organisasjonar som har hjelpearbeid i Ukraina og blant flyktningane. 

Om du ønsker å bidra for flyktninger som kjem til Time kan du ta kontakt med Time Frivilligsentral.

Kjæledyr frå Ukraina

Etter 15. februar 2024 er det ikkje mogleg for nyankomne asylsøkarar å bu med kjæledyr i asylmottak eller på ankomstsenteret. Dei som budde på mottak med kjæledyr før denne datoen, kan fortsatt ha kjæledyret hjå seg mens dei ventar på å bli busett. Mattilsynet må registrera og kontrollera alle kjæledyr som kjem til Norge for å minimer risikoen for spreiing av alvorlege sjukdommar.

Meir informasjon finn du på Mattilsynet.no:

Kjæledyr frå Ukraina

Тут ви знайдете інформацію для біженців з України
Informasjonsbrosjyre med praktisk informasjon for flyktningar