Faktura frå Time kommune

Oversikt over og kopi av fakturaer

Du kan få oversyn over og sjå kopi av fakturaene dine på Min kommune via nettsidene til Time kommune. Du må logga på via ID-porten (bankID eller annan digital signatur). Du finn Fakturainnsyn under overskriften Lenker til andre kommunale tjenester nederst på sida. Her kan du òg sjå om fakturaen er betalt eller ikkje, og søka om kort betalingsutsetjing. Du kan også oppdatera e-postadresse og mobilnr under Profil.

Utsending av faktura

Time kommune sender faktura digitalt, enten som AvtaleGiro og/eller eFaktura, Vipps, Digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller e-post. Viss dette ikkje er mogleg blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassa di. For å motta eFaktura må du velje JA takk til alle  i nettbanken din. Du kan lese meir om eFaktura her. 

Bedriftskundar

Vi ønsker å senda faktura elektronisk. Kunder som kan motta EHF-faktura vil få det. Alternativt kan vi sende PDF-faktura på e-post. Viss bedriften din har mottatt papirfaktura i posten, ta kontakt på okonomi@time.kommune.no for å få oppdatert kundeopplysningane.

Kontaktinfo

Økonomiavdeling
E-post
Innbyggarservice
E-post
Telefon 51 77 60 00