0Organisasjonsnummer Time kommune: 859 223 672
Elektronisk faktura
Alle fakturaer til Time kommune skal sendast elektronisk i formatet EHF. Dette er i tråd med forskrift om elektronisk faktura i offentlege innkjøp. Det er organisasjonsnummeret som er den elektroniske adressen.
Har du spørsmål om levering av faktura til Time kommune, ta gjerne kontakt på e-post.
Merking av faktura
Følgjande informasjon må vere påført fakturaen:
- Deres referanse (<Invoice><BuyerReference> i XML-filen) er eit obligatorisk felt i EHF-standarden. Time kommune krev at avdelingsnummer også kalt ansvarsnummer, skal stå i dette feltet. Referansenummeret inneheld normalt TK- og 3-sifret nummer for eksempel TK-130 eller 3 siffer+4 siffer med bindestrek mellom for eksempel 130-1201. Sjå liste ved å klikke på knappen:
Klikk her for oversyn over referansenumre (XLSX, 21 kB)
- Namn på bestiller (person)
- Avdeling
Kjenner du bare namnet på bestiller kan, du gjere eit søk på tilsette for å finna avdelinga vedkommande høyrer til.
I nokre tilfelle er det òg behov for annan informasjon, til dømes prosjektnummer. Dette får du informasjon om ved bestilling.
Betalingsbetingelser
Dersom det ikkje skriftleg er avtalt noko anna, har Time kommune standard betalingsvilkår på 30 dagar. Vi ber om at dette blir lagt inn på reskontroen vår. Vi vil ikkje akseptere renter og gebyr dersom de fakturerer med kortare betalingsfrist enn dette. Det er nødvendig med 30 dagar for at fakturaen skal bli forsvarleg behandla i fakturasystemet vårt då det er fleire som skal godkjenne fakturaen før den blir betalt.
Kan ikkje bedriften sende EHF-faktura?
Nokre små og mellomstore bedrifter har ikkje eige fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura direkte. Sjekk om banken din tilbyr å sende EHF-faktura via nettbanken. Du kan også gå inn på anskaffelser.no, der du finn ei liste over fakturasystem og enkle fakturaportalar som kan levere elektronisk handelsformat (EHF).