Veterankontakt og veteranplan
Time kommune har saman med kommunane Klepp, Gjesdal, Hå og Sandnes utarbeida ein veteranplan. Ifølgje veteranplanen skal kvar kommune ha ein eigen veterankontakt.
Veterankontakt i Time kommune
Veterankontakten si primæroppgåve er å vera kontaktpunkt for veteranen og veteranen sin familie i møtet med kommunen, slik at spørsmål og behov vert møtte med forståing og kompetanse.
Veterankontakten kan rettleia og informera om dei ressursar som finnst lokalt og nasjonalt.
Veterankontakten fungerer òg som eit kontaktpunkt mellom eksterne aktørar inn mot kommunen for veteranrelaterte førespurnadar.
Veteranplan
Her finn du veteranplanen vår. (PDF, 2 MB)
Sjå også Forsvaret si nettsia for kommunalt og offentleg veteranarbeid.
Sist endra 03.05.2024 10.30