Slik søker du

Sjekk følgjande:

Må eg søka?

Kan eg søka sjølv eller må fagfolk søka for meg?


Har du funne ut at du kan søka sjølv om tiltaket, kan du nytta Direktoratet for byggkvalitet si rettleiing for korleis du søker.

Når du skal senda inn ein byggesøknad er det viktig at alle relevante dokument er lagt ved søknaden. Kommunen kan ikkje behandla søknaden før han er komplett.

Ta gjerne og ein kikk på filmen Hva må til for å sende inn en søknad?

Kva ein søknad må innehalda
  • rett søknadsskjema
  • gjerne ei forklaring som beskriv tiltaket
  • nabovarslingsskjema
  • eventuelle merknader eller protestar frå naboar, med dine kommentarar til
  • situasjonskart som viser tiltaket
  • eventuelt skriftleg samtykke frå nabo for plassering av byggetiltak
  • teikningar av tiltaket
  • eventuell søknad om dispensasjon
Skjema til byggesaka


Alle byggesaksskjema finn du her


Når ansvarleg føretak må søka om tiltaket:

  • "Søknad om tillatelse til tiltak", blankett nr 5174
  • "Opplysningar om tiltakets ytre rammer", blankett nr 5175
  • "Nabovarslingsskjema", blankett nr 5154
  • Andre naudsynte vedlegg, avhengig av tiltak
     

Nå du sjølv kan søka om tiltaket:

  • "Søknad om tillatelse utan ansvarsrett", blankett 5153
  • "Nabovarslingsskjema", blankett nr 5154
  • Andre naudsynte vedlegg, avhengig av tiltak
     

Når tiltaket er ferdig:

  • "Søknad om ferdigattest", blankett nr 5167
  • Andre naudsynte vedlegg, avhengig av tiltak

 

Her kan du senda søknaden

Du finn informasjon om korleis du kan søka digitalt på Direktoratet for byggkvalitet, under Fellestjenester BYGG - digitale søknadsløsninger.

Søknaden kan eventuelt sendast på e-post eller i brev.