I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 25-1 har kommunen ei plikt til å føra tilsyn med byggjesaker. Kommunen skal utforma ein tilsynsstrategi, jf. byggjesakforskrifta (SAK10) § 15-1.
Overordna formål med tilsyn i byggjesaker er å førebyggja feil i byggjeprosessen ved å sjå til at dei ansvarlege føretaka har og etterlever rutinar og system som sikrar at byggjesakene blir gjennomførte i samsvar med plan- og bygningslova. Målet er å sikra god kvalitet på byggjetiltak i Time kommune, skapa betre dialog, og bidra til at reglane i større grad blir følgde.
Tilsynsstrategi 2024-2025 (PDF, 119 kB)
Tilsynsstrategi - Framlegg til vedtak (PDF, 121 kB)
Sist endra 29.02.2024 12.28