Ved deling av eigedom, blir ein del av ein eksisterande eigedom delt frå og oppretta som ein eigen eigedom med eige matrikkelnummer; dvs. eige gardsnummer og bruksnummer.
Vilkår for deling av eigedom:
- Ei frådeling må vere i samsvar med gjeldande arealplan, jamfør plan- og bygningslovens § 26-1. Form og storleik på tomta må vere eigna til bygging. Dette gjeld både for ny eigedom og for avgjevareigedommen.
- Ein eigedom kan berre delast dersom ny byggetomt er sikra lovleg tilkomst og avkjørsel til offentlig veg, jamfør plan- og bygningslovens § 27-4.
- Ein eigedom kan berre delas dersom ny byggetomt er sikra lovleg bortleiing av avløpsvatn, jamfør plan- og bygningslovens § 27-2.
Rekvisisjon av oppmåling - søknadspliktige tiltak.
Deling av festetomt
Dersom delar av ein eigedom skal festast bort for lengre tid enn 10 år, skal denne delen opprettast som en eiga tomt med eige gards-, bruks- og festenummer.
Deling av landbrukseigedom
Ved søknad om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden og handsamast av landbruksstyresmaktene i samsvar med jordlova § 12.
Klage
Vedtak som blir gjort i delesaker, kan påklagast av parter som blir ramma av vedtaket, inntil 3 veker etter at vedtaket er gjort kjent. Klagen sendes skriftleg til kommunen. Det kan ikkje klagast på forhold som er gjort bindande i reguleringsplan eller ved dispensasjon.