Montering skal utførast etter Time kommune si forskrift for vann- og avløpsgebyr (PDF, 21 MB), § 11. Vassmålarar skal monterast på hovudinntaket inne i bygningen, så nær innføringa som mogleg og før første koblingsleidning. Vassmålarar skal monterast i fornuftig høgde og vera lett lesbar frå golvnivå, med tilstrekkeleg fri plass for utskifting og kontroll. Om det skal det monterast to eller fleire vassmålarar må desse parallellkoplast. Avstanden mellom parallellkopla målarar må vera minimum 30 cm.
Konsoll: Kvar enkelt vassmålar skal monterast i Horisontal vassmålarkonsoll med fleksible koplingar. Konsollen skal festast til vegg eller annan eigna bygningskonstruksjon. Konsollen kan monterast både horisontalt og vertikalt.
Stengeventilar: Det skal monterast stengeventilar på begge sider av kvar vassmålar.
Tilbakeslagssikring: Kommunen krev at det monterast tilbakeslagssikring (minst type EA) og anbefaler det utført i høve med vassmålarinstallasjonen.
Reduksjonsventil/tilbakeslagssikring: Reduksjonsventil skal monterast føre vassmålar og tilbakeslagssikring etter vassmålar.