Tappestasjonen kan brukast av renovasjon/spylebilar i samband med deira arbeid. Alle som har eit registrert føretak kan tappe vatn her.
For å få tilgang til tappestasjonen må ein registrere seg. Ta kontakt med Time kommune v/Arild Salte, mob.tlf. 994 27 140 / e-post arild.salte@time.kommune.no for å få naudsynt tappekort.
Kortet blir registrert på aktuelt firma. Fleire kort kan registrerast på same eigar. Det må betalast eit depositum på 200 kroner for kvart kort.
Fakturering for vatn skjer etter gjeldande vassavgift 2 gongar årleg.