Du som eig ein eigedom i Time kommune vil motta faktura på kommunale avgifter to gonger i året.
Faktura for første termin inneheld faste avgifter for perioden januar til og med juni. På denne fakturaen vil det i tillegg vera eit oppgjer på det du har betalt inn forskotsvis for vatn og avløp, utrekna mot det faktiske forbruket i fjor. Dette er grunnen til at du skal lese av og levera inn vassmålarstanden din i slutten av desember kvart år. Vassmålarstanden seier oss kor mykje det faktiske forbruket ditt av vatn og avløp har vore i løpet av året. Du betaler og forskot (akonto) for det forventa forbruket av vatn og avløp for første halvår. Fakturaen har betalingsfrist i slutten av mars.
Faktura for andre termin inneheld faste avgifter for perioden juli til og med desember. I tillegg til forskot (akonto) for det forventa forbruket av vatn og avløp for andre halvår. Fakturaen har betalingsfrist i slutten av september.