Plassering av avfallsdunk før tøming
Avfallet må setjast fram til tømepunkt seinast kl. 06.00 på hentedagen.
Hugs:
• Dunken for restavfall skal ikkje vera overfylt med loket opp. Då treng du større dunk.
• Dunkane skal stå slik at hjula og handtaka står vende ut mot renovatøren.
• Matavfallsposar vert delte ut etter behov. Knyt ein pose rundt hanken på matavfallsdunken eller kontakt renovatøren for fleire posar. Du kan også hente posar på innbyggarservice.
• Tilkomstveg og snuplass skal vera frie for hindringar.
• Hugs å brøyta og strø/salta vegen før renovasjonsbilen kjem når det er glatt eller snø.
• Det er lurt å legga aviser i botnen av dunken for å unngå at avfallet frys fast.
Sist endra 04.05.2023 12.33